Lokal | 13. feb. 2016

Meldte seg på etter fristen gjekk ut

Alexander tok utfordringa Falck serverte på TV-skjermen, men trudde lenge at han ikkje fekk plass i Robinson.

Meldte seg på etter fristen gjekk ut
Frå søndag 6. mars kan du sjå Alexander Skorpen frå Strøno på Robinsonekspedisjonen på TV2. (Foto: Anton Soggio, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 13. feb. 2016 00:07

Torsdag blei det kjent at osingen Alexander Skorpen er ein av deltakarane i årets sesong av Robinsonekspedisjonen, som har premiere på TV2 søndag 6. mars.

Les òg: Vil vera ein triveleg type

– Eg har ikkje sett noko særleg på Robinson frå før, det var eigentleg litt tilfelig at eg sat i sofaen og såg programleiar Christer Falck koma med ein inspirerande tale, ei utfordring for å skaffa deltakarar til neste sesong, fortel Alexander til Midtsiden.

Friskusen frå Strøno, som i skrivande stund er på topptur i Sunnmørsalpene saman med ein kamerat frå Stavanger og to guidar, beit på.

– «Har DU det som skal til for å overleva på ei aude øy?» spurde Falck. «Ja», tenkte eg.

Fotball, ski og dykking

Alexander har vakse opp på Strøno og gått på skule og spelt fotball på Nore Neset.

– Etterkvart blei det ein del skade og nokre operasjonar i kneet, så då byrja eg med andre ting, frå ski til dykking. Foreldra mine budde tre år i Brasil då eg var rundt 20 år, og eg besøkte dei ein del og lærde meg å surfa. Det var med på å lokka meg til studie i Stavanger, nær dei fine bølgjene utanfor Jæren.

Skorpen gjekk elektro på Os vgs og jobba fleire år for BKK før han byrja å studera petroleumsfag.

Trudde ikkje han fekk vera med

Søknaden blei sendt eit par dagar for seint og Alexander var spent på om han fekk vera med i vurderinga.

Då Falck igjen kom på skjermen og sa at dei framleis hadde ledige plassar, at dei var på jakt etter ekte mannfolk, ikkje sossegutar, trudde Skorpen at løpet var køyrd.

– Eg tenkte at dei hadde kasta søknaden min, men dagen etter ringte TV2 og ville ha meg på intervju. Eit par veker seinare sat eg på flyet på veg til Filippinene.

Opptur å koma til kysten

Osingen fortel om eit trykkande møte med hovudstaden Manila.

– Det var varmt og veldig fuktig. Dette blir tøft, tenkte eg. Men å koma til kysten for avreise til øya var nydeleg.

– Det var svalare, litt vind, smilande folk og ein herleg landskap.

Kjente tidleg på frykten

Å koma ut til øya var ikkje fullt så herleg.

– Nytt denne sesongen er at vi ikkje har personleg utstyr med oss. Vi skal leva av det vi finn og bruka det vi har eller lager oss som reiskap. Du er åleine og du forstår at du snart kjem til å bli svolten. Vi kjente fort på frykten.

– Kva kunnskap og erfaring har du, som du kunne dra nytte av mens du var på øya?

– Eg har gjennomført førstegangsteneste, og då er du gjerne litt betre rusta, både om du søv lite, er svolten eller opplever annan form for motgang.

– At eg har fagbrev og fartstid innan høgspent var òg til hjelp. Det å vera vant med å vera i skogen, sjølv om det er litt annleis vegetasjon på Filippinane, er til hjelp.

– Korleis var det første møtet med dei andre deltakarane?

– Du forsto raskt kven som var der for å kjempa om å vinna, og kven som berre var med for opplevinga. Det var mange spesielle typar og ikkje berre enkelt å veta kven du burde bli kamerat med.

– Det blir fleire morosame og underhaldande scenar i løpet av sesongen, så det er berre til å følgja med, seier Alexander Skorpen.

Alexander = Robinson!

Visste du at ...

• Robinson Crusoe, som har gjeve namn til TV-serien, er hovudfiguren i den kjente romanen «The Life & Strange Surprising Adventures of Robinson Crusoe» av den britiske forfattaren Daniel Defoe frå 1791.

• Boka er basert på faktiske hendingar. Den mest kjente er om osingen sin namnebror Alexander Selkirk, som var frivillig fire år på øya Más a Tirra utenfor Chile.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.