Lokal | 02. des. 2013

Melder snøstorm og 10 minus

Det er meldt sludd, snø og mykje vind før helga – og ned mot 10 minusgradar søndag.

Melder snøstorm og 10 minus
Os 8. desember 2012. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. des. 2013 13:58

For fjellet i Sør-Noreg er det meldt opp mot éin meter med snø dei neste dagane.

I Os ser det også ut til å bli mykje nedbør, men mesteparten blir truleg i form av sludd.

Storm og Yr melder begge nedbør om formiddagen tysdag og sol på ettermiddag, men så kjem stormen.

Liten storm onsdag kveld

Det er på onsdag det startar, med vind på opp mot liten storm i styrke på kvelden og ganske store nedbørsmengder.

Storm melder sludd og snø, Yr melder lite nedbør og mest i flytande form.

20-30 mm torsdag

Den kraftige vinden held fram gjennom torsdagen, men då med endå meir nedbør.

Over 30 mm melder Storm, mellom 15 og 20 melder Yr.

Kaldt og sol

Fredag skal det bli kaldare, 1 minus på dagtid melder Storm, 2 pluss melder Yr. 2-3 mm nedbør er det også meldt.

Men laurdag skal vinden løya og temperaturane gå ned.

Det er meldt sol laurdag og 8 minusgradar natt til søndag. Søndag skal det koma litt nedbør, men halda seg kaldt.

Sjå detaljert varsel for Osøyro, Storm vs Yr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.