Melder kuling og regn
Det blir mykje vind og litt vatn dei neste dagane, men over helga kan det koma frost og snø.
Etter over ei veke med kaldt og klart vintervêr er vêret i ferd med å snu.
Vinden skal opp i 9-10 m/s i kveld, og kjem truleg opp i liten kuling (10,8-13,8 m/s) rundt midnatt, med retning frå søraust.
Det betyr at det kan skvulpa godt i Os hamn dei neste dagane. Det er flo klokka 02.57 og 15.17 torsdag.
Lettare vêr søndag
Vinden skal halda seg kraftig, frå 6 til over 11 m/s fram til nedtrapping til 7 m/s laurdag og 2-5 m/s søndag.
Det er meldt regn morgon og kveld torsdag og fredag, og samanhengande gjennom laurdagen, men søndag kan det letta.
Snø i fjellet - og kanskje i Os
Storm melder sol og -1 til 2 pluss i neste veke, Yr melder 2-4 plussgradar og nedbør.
Det betyr at det er fare for frost og snø i Os, og auka sjanse for etterlengta snø i alpinanlegga på Vestlandet.
• Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro på Pent.no