Lokal | 14. des. 2021

Melder 70 mm nedbør det neste døgnet

Gult farevarsel grunna store nedbørsmengder.

Melder 70 mm nedbør det neste døgnet
Vêrkartet i 12-tida i dag. (Foto: Yr.no/Meteorolgisk institutt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 14. des. 2021 12:05

Yr har gult nivå for Osøyro og områda rundt dei neste tre dagane.

Årsaka er at det er store nedbørsmengder på veg.

Yr melder 49 mm i dag, 20 i morgon, 1,9 torsdag og 4,7 mm fredag.

Vindstyrken skal oppom 9 m/s (frisk bris) i 12-13-tida, men løya til 6 m/s i ettermiddag.

Det er meldt regn frå 13-tida i dag til onsdag morgon. Storm melder også regn utover dagen i morgon.

Det er også venta nokre byger torsdag morgon og kveld, og fram til fredag formiddag.

Men helga blir lettare, med overskya, opphaldvêr og nesten vindstille både laurdag og søndag, ifølgje både Storm og Yr på VG Pent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.