Lokal | 19. aug. 2013
Melder 21 gradar og sol
Knallhelg i vente: Skulane har starta – men sommaren er ikkje over!
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. aug. 2013 14:37
I helga har det hølja ned og skulestarten måndag var tørr, men grå og kald.
Men sjølv om ferien er over er det ikkje skikkeleg haust enno – frå torsdag skal det bli både solrikt og varmt!
Både Yr og Storm melder lettskya og rundt 16 gradar tysdag, regn onsdag og meir sol og varme frå torsdag.
Torsdag: Lettskya til skyfri himmel, 18-19 gradar, 1,5 m/s vind, litt aukande til kvelden.
Fredag: Lettskya eller skyfri himmel, 18 - 20 gradar. 2-3 m/s vind.
Laurdag: Lettskya og 21 gradar. 1-3 m/s vind.
Søndag: Lettskya/overskya, kanskje noko nedbør til kvelden. 2-4 m/s vind.