Næringsliv | 03. juni 2016

Mekk vil til Os igjen

Hausten 2014 la Mekk ned på AMFI Os. No ønskjer kjeda seg tilbake.

Mekk vil til Os igjen
Kjede- og utviklingsansvarlig i Mekk Skandinavia, Espen Eriksen fortel at Mekk ønskjer seg tilbake til Amfi Os (foto: KVB/Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juni 2016 15:39

Mekk, som sel varer til bil, båt, hus og fritid, og har ambisjon om å vera «Norges sprekeste handyman-butikker», vil til Os igjen

– Det var synd at butikken måtte legga ned. Os er ein marknad med god tilgang på kundar og butikken hadde fin omsetnad.

– Av personlege årsaker hadde ikkje franchisetakar høve å driva vidare, men grunnlaget er der, seier kjede- og utviklingsansvarlig i Mekk Skandinavia, Espen Eriksen til Midtsiden.no.

I går la han ut annonse der Mekk søkjer etter kjøpmann i form av franchisetakar.

– Alt er avhengig av at vi finn den rette, ein med erfaring frå varehandel som gjerne har litt teknisk bakgrunn. Får vi dette på plass kan vi få ein god Mekk-butikk på Os igjen.

Vil tilbake i Amfisenteret

Mekk har skrive ein intensjonasavtale på rundt 400 kvadratmeter i AMFI Os.

Amfisenteret er under utviding, då Europris skal på eitt plan, eit tilbygg som frå hausten får eit nytt lokale plant med hovudinngangen.

– Kva lokale Mekk eventuelt skal inn i er ikkje bestemt. Eit senter er ein levande organisme og vi ser stadig på ulike løysingar for optimalisering, både i Os og dei fjorten andre AMFI-senterene i vårt område, seier regionsjef i Amfi Drift AS, Solveig Oksholm Hunhammer.

– Vi gler oss over interessa for Mekk, som vi likte godt å ha i senteret, og håper dei finn rom for å koma til Os igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.