Lokal | 06. jan. 2013

Meir vinter i sikte

Neste helg ligg an til å bli ei draumehelg i Os - og på fjellet!

Meir vinter i sikte
Vintermorgon på Tøsdal. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 06. jan. 2013 09:20

Det er meldt meir regn i Os, om morgonen søndag, midt på dagen måndag og på ettermiddagen tysdag.

Men vi kan også venta oss meir vintervêr om ikkje så lenge, neste helg er venta å bli kald og solrik!

Yr melder opphaldsvêr frå torsdag, sol frå fredag og minusgradar og lettskya gjennom helga.

Storm spår også opphaldsvêr frå torsdag, med sol, skyfri himmel fredag og lettskya både laurdag og søndag neste helg.

Har du venta med å starta skisesongen? No byrjar det uansett å bli på tide å sjå over utstyret, fylla takboksen og førebu seg på det som førebels ligg an til å bli ei strålande helg i slutten av veke to.

Både Eikedalen, Voss og Voss Fjellandsby har hatt sesongopning. I nokre av anlegga har det nok kome ein del regn denne veka, men i Voss Fjellandsby, der det også er skimesse neste helg, er det over to meter med snø.

Eikedalen har hatt tre heisar opne denne helga og startar kanskje med kveldskjøring frå tysdag 8. januar.

Voss Resort har hatt fire heisar i drift denne helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.