Meir til rusarbeid i Os
Stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) fortel at regjeringa si opptrappingsplan for rusmisbrukarar gjev meir pengar til Os sitt arbeid.
I regjeringa sitt økonomiske opplegg for kommunane i 2017 blir det foreslått å styrka det kommunale rusarbeidet med 300 millionar kroner. Pengane kjem som ein del av kommunen sine frie inntekter.
– Å prioritera rus og psykisk helse er ein av regjeringa sine sentrale målsettingar i helsepolitikken. For lenge har rusfeltet ikkje fått den merksemda og prioritering som utfordringane på området tilseier, forklarar Reiertsen.
Opptrappingsplan mot 2020
Regjeringa vil styrka innsatsen på rusfeltet og har fremma ein eigen opptrappingsplan for rusfeltet med ei ramme på 2.4 milliardar kroner i perioden 2016-2020.
– I 2016 fekk kommunane 400 millionar kroner til ei auka satsing på rusfeltet. No foreslår dei å auka satsinga med 300 millionar kroner til neste år.
– Det er kommunane som kjenner sine innbyggjarar sine behov best, og difor er nærast til å vurdera omfanget og breidda i tenestetilbodet, forklarar Reiertsen.
Får 791 000 meir
I 2016 har Os kommune fått 1,094 millionar kroner ekstra til rustiltak av staten og no blir det varsla at kommunen vil få 791.000 kroner ekstra neste år.
– Det tyder at vi samla sett har fått 1.886 000 kroner meir som følge av dei to fyrste åra av regjeringen sin opptrappingsplan for rusfeltet, noko vi er glade for, seier Reiertsen som meiner at dette viser starten på ei stor satsing for å betra kvardagen for rusavhengige og apparatet rundt dei.
– Når rusavhengige kjem så langt at dei ber om hjelp er det viktig at vi har apparatet som trengs. Med auka midlar og fritt behandlingsval mellom private og offentlege aktørar vil det vera fleire rusavhengige som får hjelp, køane blir mindre og det blir større valfridom, avsluttar Reiertsen.