Lokal | 12. sep. 2011

– Meir spent enn før

Skorpen og Søviknes går ein spennande kveld imøte. Vi fekk ein prat med dei ved valurnene i dag.

– Meir spent enn før
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 12. sep. 2011 18:23

I 10.30-tida i dag kom ordførar Terje Søviknes kjørande frå måndagsmøtet med leiarane på rådhuset til gymsalet ved Lysekloster skule for å stemma.

– Eg er meir spent enn før. Sist det var val var det nasjonal medvind for Frp, no blir det spennande å sjå kor stort skiljet blir mellom rikspolitikk og lokalpolitikk, sa Søviknes på veg inn i stemmelokalet.

– Samstundes er dette personleg, er folk nøgd nok til at dei vil ha meg som ordførar vidare eller ikkje.Valdeltakinga blir nok høg også i Os, så det blir spennande å sjå kva type veljarar som er mobilisert.

Ukoordinert motstand

– Kva synes du om valkampen? Er det noko som har overraska?

– Det som har overraska meg mest er spriket i opposisjonen, at ikkje dei har samla seg meir.

– Viss partia i opposisjon har eit ønskje om å overta styringa så synes eg det er rart at dei har framstått så ukoordinert.

Ingen plan B

Om Frp får fleirtalet saman med Høgre, eventuelt om dei får Krf, Venstre eller andre med vidare, kan Terje Søviknes gå inn i sin fjerde periode på rad som ordførar.

– Kva er alternativet? Har du ein plan om du blir arbeidslaus i kveld?

– Nei. Det har eg ikkje villa tenkja på, eg har ingen plan B, seier Søviknes.

Førehandsstemte for å vera tilgjengeleg

Lars Atle Skorpen, tidlegare rådmann og Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat, leverte si stemme før sjølve valdagen.

– Å vera ordførarkandidat er nytt for meg, eg visste ikkje om det ville krevja noko av meg på valdagen, derfor stemte eg på førehand, fortel Skorpen.

Midtsiden fekk han med til lokalet han elles ville ha stemt i, Kløvertun i Os sentrum.

– Utfallet av valet kan gjera deg til ordførar. Er det ein tanke som streifa deg då du sat som rådmann tvers over gangen?

– He, he, nei, overhodet ikkje, ler Skorpen.

– Men då eg sto og dreiv valkamp på fortauet utanfor rådhuset så tenkte eg at det kanskje var nokon som sa til seg sjølv; «sjå, der står han og ber om å få koma inn igjen på rådhuset».

«Ramma» av kjærleik

Årsaka til at den tidlegare rådmannen stilte som toppkandidat for Os Ap skal ha vore kjærleik. Indirekte årsak, i det minste.

– Nils Olav Nøss skulle stilt som toppkandidat igjen, men fann kjærleiken og flytta frå Os. Då eg blei spurt så blei det sånn at eg takka ja.

– Kva med valkampen, synes du den har vore OK?

– Ja. Sett bort frå 2-3 personangrep, metodar vi blei samd om ikkje skulle brukast under valkampen, så synes eg det har vore ein fin valkamp.

Følg valet i Os på Midtsiden.no:
HER KJEM RESULTATA - KRINS FOR KRINS

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.