– Meir rocka stil
– Eg kjenner meg nesten på heimebane, seier «rockepoeten» Tom Roger Aadland når han no kjem tilbake til Os og Oseana.
Han blir beskriven som ein «rockepoet», slo gjennom med gjendiktingar av Bob Dylans låter der ei av dei blei kåra til ein av tidenes beste coverlåter (songen «Vikla inn i blått», kåra av WiMP).
Nesten på dagen fire år etter, laurdag 12. mars, er «rockepoeten» Tom Roger Aadland tilbake i Oseana.
– Eg liker meg godt på desse kantane. Far min er frå Fusa, så det er litt som «hima».
Når Aadland var i Os i 2012 så var det med låtar frå gjennombruddsalbumet «Blod på spora», eit album som blei kritikarrost for gjendiktinga av Bob Dylan sitt meisterverk «Blood on the tracks», då i nynorsk drakt.
– Eg er nok ein av svært få som skriver på normert nynorsk, fortel Aadland som beskriv seg sjølv som ein historieforteljar.
Og kunsten å fortelja historiar var grunnen til at det akkurat var Bob Dylan sine låtar han valde å gjenfortelja.
– Dylan er ein fantastisk låtskrivar.
Både kjente og nyare låter
Albumet som kom ut i fjor og som er tittelen på konserten i Oseana, «Rapport frå eit grensehotell», er det mest rocka albumet han har laga og der mesteparten av låtane er hans eigne.
– Eg må pakka med meg el-gitaren i tillegg til den akustiske denne gongen. Det gjev konserten ei større spennvidde og kontrastar.
– Tittellåta handlar om det å vera i forandring, om rastløsheit og kjærleikslengsel. Kanskje ein har kryssa ei grense, eller ein skal kryssa den.
På konserten i Os lovar han både nye låtar, men og kjente låtar frå dei tidlegare albuma.
– Det kjem til å bli ein kjekk kveld.
Intimkonsert i restauranten
Janne Mari Hjelle frå Oseana gler seg stort til Aadland kjem tilbake til Os.
– Han har veldig fine konsertar, gode tekstar, han minner meg litt om Stein Torleif Bjella i stilen.
Denne konserten blir ikkje i Oseana-salen, men i lokalet til Oseana kafe & restaurant.
– Vi vurderer alltid kor dei ulike arrangementene passar best, og med Aadland så ville vi laga ei meir intim ramme rundt konserten. Då passa det fint med restauranten, det blir litt meir klubb-stemning og ein kjem litt nærare på artisten, fortel Hjelle, som og kan freista med open bar og ost og spekemat til konserten.