Lokal | 05. mars 2016
Meir oljesøl i Baronselva
Politiet og brannvesenet rykte fredag ettermiddag ut til Baronselva etter melding om meir oljesøl i elva.
Andris Hamrelaurdag 05. mars 2016 09:53
Onsdag og torsdag blei det meldt om store mengder oljeskimmer i Baronselva ved Telthusplassen i Os sentrum.
I 16-tida fredag ettermiddag fekk politiet og brannvesenet på melding om meir oljesøl i elva.
Brannsjef Stein Gjøsund seier dei var i kontakt med Best-stasjonen, som ligg lengre oppe langs den vesle elva, og at dei har hatt problem med ein oljeseparator.
Det er førebels uvisst om dette er årsaka til forureininga og om korleis Os kommune vil følgja opp saka.