Lokal | 29. jan. 2013

– Meir flis, please

God start i Kolskogen: Steinsenteret omsette fredag for like mykje som dei gjorde i heile januar i fjor. Laurdag blei endå betre.

– Meir flis, please
Stig Hansen og kollegaene fekk det travelt på offisiell opning i Kolskogen fredag og laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 29. jan. 2013 08:02

Før jul opna Steinsenteret Os ny 1000 kvadratmeter stor butikk i Kolskogen.

Les òg: I drift i nytt lokale

I helga har det hatt "offisiell opning", med ferdig innreia utstilling og fleire tilbodskampanjar.

– Vi har fått ein god start og denne helga blei heilt strålande, seier Stig Hansen.

Han er butikksjef saman med Leif Jarle Hansen.

– Fredag omsette vi for nesten det same som vi gjorde i heile januar 2012, rett nok i ein mindre butikk med eit smalare utval.

– Og laurdag blei endå betre. Omn og fliser har til no vore dei viktigaste varegruppene, men også proffverktøy frå Hitachi har vore veldig populært.

Sjefen sjølv på første synfaring

Steinsenteret Os er eigd av Toppe-familien, som frå før har Steinsenteret Åsane Sand og Singel.

– Det er sonane mine som driv no og dette er faktisk første gong eg er oppom og ser butikken, seier sjefen sjølv, Arvid Toppe.

Arvid starta Åsane Sand og Singel for 44 år sidan og er nøgd med det sonane har bygd på Os.

– No blei eg både imponert og litt stolt, det går tydelegvis fint å sleppa dei laus på eigahand, spøkte Arvid på rundtur i den store butikken laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.