Lokal | 12. juli 2011

Meiner kommunen bryt lova

Fylkesmannen meiner Os kommune bryt opplæringslova i høve til bokmålsopplæring.

Meiner kommunen bryt lova
Andris Hamretysdag 12. juli 2011 13:16

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i mai/juni eit tilsyn med Os kommune si praktisering av opplæringslova §2-5 fjerde ledd kor det står at når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.

Fylkesmannen konkluderar med at kommunen bryt lova og har gjeve kommunen frist til 20. august med å gje ei tilbakemelding om at tilhøva er retta opp og korleis det er gjort.

Bakgrunn for tilsynet er eit brev til fylkesmannen i byrjinga av februar der ein forelder ba om bistand i samband med den aktuelle loven.

Etter noko korrespondanse beslutta fylkesmannen å gjennomføre tilsyn ved Lysekloster, Nore Neset og Os skuler. Tilsynet blei gjennomført ved analyse av tilsendt dokumentasjon frå kommunen, telefonsamtalar med dei aktuelle skulane og talmateriell frå Grunnskulens Informasjonssystem (GIS).

Tilsynet avdekka avvik ved alle dei tre skulane.

Fylkesmannen skriv i si vurdering:

Nore Neset skule
Skulen har bokmålsgrupper på 1., 2.,3., 6. og 7. årstrinn. Skulen har ikkje bokmålselevar på 4. trinn. På 5. trinn er det 11 elevar som har valt bokmål. Skulen har ikkje oppretta elevgruppe på dette klassetrinnet.

Nore Neset har ikkje oppretta eigne målformsgrupper på 5. trinn sjølv om det er talet på elevar med bokmål er 10 eller fleire.

Fylkesmannen viser til rettslege krav og vurderer at praksis ved Nore Neset skule ikkje er i samsvar med krava i opplæringslova.

Lysekloster skule
I 1. årstrinn kan ei språkgruppe bli danna for å arbeida med tekstar og einskilde ord som er ulike på bokmål og nynorsk. Skulen har ikkje bokmålselevar på 2. trinn. På 3. til og med 7. trinn er det deling i nynorsk- og bokmålsgrupper i faget norsk.

Fylkesmannen vurderer det slik at Lysekloster skule ikkje har oppretta målformgrupper i samsvar med krava i opplæringslova § 2-5 fjerde ledd.

Os skule
GSI-tal og informasjon frå skulen viser at det er 5 årstrinn ved skulen som har 10 eller fleire bokmålselevar. Innsendt dokumentasjon frå skulen viser at bokmålselevane er fordelte i parallelle klassar på dei ulike årstrinna. Skulen opplyser at trinna som har bokmålselevar er tildelt 5 timar per veke for å ivareta denne opplæringa. Det er ulik organisering og opplæring knytt til bokmålselevane på dei ulike trinn.

Fylkesmannen vurderer det slik at Os skule ikkje har oppretta eigne elevgrupper med anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, slik lova krev.

Os skule skriv at dei ikkje har hatt saker der føresette har kome med klage på undervisninga av bokmålselevar.

Fylkesmannen understrekar at føresette aktivt må samtykkja i at målformsgrupper vert blanda dersom ikkje føresetnadane for slik gruppesamansetjing er til stades. Føresetnadane for slike blandingsgrupper kan til dømes vera til stades i praktisk-estetiske fag. Me viser i den samanheng til orskurden frå Sandnes tingrett.

Anna
Talmaterialet frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at det er 10 eller fleire elevar som har valt bokmål som hovudmålform på kvart av årstrinna 1-7 i Os kommune. I tillegg til dei tre skulane som har sendt inn informasjon om organiseringa av bokmålsgrupper i dette tilsynet, viser GSI at det er ein elev ved Nore Øyane skule som har valt bokmål som hovudmål.

Fylkesmannen presiserer at Os kommune må gje denne eleven tilbod om å tilhøyra bokmålsgruppe ved ein av dei skulane som har oppretta slik gruppe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.