Sport | 27. mai 2013

Medaljar og rekordar

Symjarane i Os symjeklubb markerte seg med medaljar og fleire personlege rekordar i Nordialog Cup i Slåtthaughallen.

Medaljar og rekordar
Symjarane frå Os gjorde det bra. f. venstre: Sebastian Braathen, Ariel Braathen, Tom Andree Moberg Johansen, Sindre Stang, Rayan Svendsen og trenar Thomas Harlem. Foran frå venstre Martin Dustan og Thomas Hjertåker (privat foto)
Andris Hamremåndag 27. mai 2013 14:47

Sesongen blei for symjarane avslutta med Nordialog Cup i Slåtthaughallen denne helga.

– Det blei eit godt stemne med mange fine resultat.

– Dei to yngste (fødd i 2002) vi hadde med oss, Martin Dustan og Thomas Hjertåker satte båe fine personlege rekordar.

– Det gjorde òg Sindre Stang (fødd 99) og Rayan Svendsen (fødd 97), fortel trenar Thomas Harlem.

Finalar og medaljar

På dei fleste distansane i klassane eldre og yngre junior, blei det symd innleiande heat, kor dei seks beste tidane tok seg til finalar.

– Søskenparet Sebastian (f. 97) og Ariel (f. 99) Braathen kvalifiserte seg båe til fleire finalar.

– Sebastian vann finalen på 100 meter bryst, Ariel tok bronse på sama distansa, så det blei medaljar med heim til Søfteland.

– I tillegg fekk dei båe fleire gode plasseringar og personelege bestenoteringar, fortel Harlem.

Han er godt nøgd med resultata for osingene, men skulle gjerne hatt med seg fleire symjarar til Fana.

– Det kolliderte diverre med fleire andre ting, mellomanna handballturnering på Hamar, så vi stilte litt redusert.

Solid av Tom André

Osingen Tom André Moberg Johansen (f. 97) symjar no for Delfana, men har meir eller mindre vakse opp i Osbadet og sumde fram til denne sesongen for Os.

Moberg Johansen gjorde eit særs godt stemne og kvalifiserte seg til 5 finalar, kor han vann fire av dei.

Sjå resultatlistane her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.