Lokal | 21. jan. 2016

Med yrkesfag i førarsetet

Onsdag gjekk startskotet for ei intens veke på OS VGS med elevbesøk frå ungdomsskulane i regionen.

Med yrkesfag i førarsetet
Rektor Johan Henrik Lassen har, saman med dei andre på Os VGS, travle dagar med besøk frå ungdomsskulane i distriktet (foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandtorsdag 21. jan. 2016 08:44

Elevar frå Nore Nest var først ute, men i løpet av fem hektiske dagar skal 10.-klassingar frå dei to ungdomsskulane i Os, Tysnes, Fusa og Samnanger vitja skulen og få informasjon om to programområde som er tilgjengelig ved skulen. Omlag 150 elevar skal innom i løpet av desse dagane.

Rektor Johan Henrik Lassen gler seg over at interessa for å vitja skulen er stor.

Bevegelse i søkjarmassen

Ved opptaket til inneverande skuleår kunne skulen melda om ventelister i alle retningar. Likevel viste det seg at det var stor bevegelse i søkjarmassen, og mange endra retning etterkvart.

– Det er klart: det er eit vanskeleg og viktig val ungdomane må ta. Vi såg at dei som kom inn på førstevalet sitt gjerne vart verande, medan dei som ikkje fikk tilslag på sitt førsteval var meir ubestemmelege, seier rådgjevar Olav Tveiten.

Skulen får ikkje nokre nye liner neste skuleår, men dei får eit nytt valfag, media og kommunikasjon på studiespesialiserande retning.

Spenning kring TIP

Teknisk Industriell Produksjon (TIP) har tradisjonelt vore eit godt val om ein har ønskt seg til Nordsjøen eller andre jobbar i oljenæringa.

– Vi ser at elevane sviktar TIP litt no på grunn av nedgangen i oljenæringa. Det er utruleg synd! Det er 52 fag å velga mellom etter vg1. Og mange av dei vidare utdanningsløpa er i retningar med bransjar i vekst, seier Lassen.

– TIP er så mykje meir enn berre oljerelaterte næringar. No skal vi til å byggja ny veg mellom Os og Bergen, Bergen - Voss kjem etterkvart, og ei lang rekkje andre vegprosjekt. Veg- og anleggsbransjen er i stadig oppsving, og der treng ein alt frå elektromontørar og mekanikarar til yrkessjåførar og anleggsmaskinførarar. Vi har veldig godt samarbeid med opplæringskontora, og eg trur eg kan garantera at alle som vil får læreplass.

– Det er ingen fare med å velga TIP første året. Det gjeld berre å velga rett etterpå, seier Lassen.

Populær landsline

Os vidaregåande har ei særleg populær landsline i anleggsteknikk, med 140 søkjarar til 60 plassar.

– Vi ynskjer likevel å auka søkjarmassen til dette faget. Vi har faktisk vore til Hallingdal på messe for å rekruttera. Det er ikkje så mange utanfor Hordaland. Og anleggsbransjen er i vekst, seier rådgjevar Ingrid Lund Eide.

– Vi ser ofte at mange unge vel tradisjonelt og føl kjønnsrollemønster når dei vel utdannning. Hos oss har vi fleire jenter som har søkt seg til typisk mannsdominerte yrke, seier ho.

– Dei klarar seg veldig bra dei jentene som går på anleggsteknikk til dømes. Det gjer også dei jentene som vel å utdanna seg til yrkessjåførar, skyt Bjørn Hagevik inn. Han er avdelingsleiar for transport og logistikk og yrkessjåfør-faga.

TAF på ønskelista

– Vi ynskjer oss veldig ein TAF anleggsklasse, seier Lassen.

– Vi har bransjen med oss i ryggen og dei står klar med læreplassar. Det er ein flott måte å få både studiekompetanse og fagbrev på, over fire år, og med praksis frå byrjinga, legg han til.

– Dei klarar det i Fusa, då burde vi klara det godt her også, smiler Tveiten før han legg til at TAF er eit svært godt springbrett vidare til dømes til ei ingeniørutdanning.

Y-vegen

Dei er alle samde om at den såkalla y-vegen, yrkesfagleg utdanning til studiekompetanse er den beste vegen å gå.

– Då er det veldig lurt å ta fagbrev først, og så studiekompetanse etterpå, seier Lund Eide.

– Fag- og svennebrev er den viktigaste kompetansen ein kan ta. Ein ser i arbeidslivet at dei som har fagbrev i botnen er meir attraktive kandidatar, skyt Lassen inn.

– Det er eit nytt slagord i vinden no: «Bli heller meister enn master». Det er nok gjerne noko i det. Ein ser ei styrt vridning mot yrkesfag for tida.

– Vi ser også at trendane i arbeidsmarknaden verkar inn på søkjarmassen. No når arbeidsløysa går opp ser vi større søkjartilgang til dei trygge utdanningsområda. Der ein har større sjanse for ikkje å verta arbeidsledig.

– Slik sett er desse elevbesøka, der dei må velga kva retningar dei vil ha informasjon om, ein liten indikasjon på korleis søknadsmassen fordelar seg når dei no skal søkja på utdanning, kommenterar Lund Eide.

Lite fråfall

Os vidaregåande har lite fråfall av elevar, og scorer statistisk godt i fylket.

– Vi er ganske heldige. vi har eit fråfall av elevar på kring fem prosent. Heile 83 prosent av elevane våre på yrkesfag fullfører yrkesfagutdanninga si, seier Lassen.

– Elevundersøkinga viser at vi scorar høgt på trivsel blant elevane, dei føler at dei har eit trygt miljø, dei får god fagleg støtte frå lærarane, det er godt elevdemokrati og elevane opplever stor medvirkning, og at skulen har ei god skulehelseteneste. Alt dette er med å halda på elevane våre, avsluttar Lund Eide.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.