Med Shetlandstur frå Os
Statsraaden startar «Hardangertoktet 2015» i Os 8. mai. – I tillegg blir det eit eige Os-seglas til Shetland neste sommar, fortel Terje Søviknes.
Torsdag var ordførarar og representantar frå Bergen, Os, Tysnes, Austevoll, Stord, Kvinnherad, Kvam og Odda samla ombord i Statsraad Lehmkuhl for å planleggja Statsraadens kommunetokt for våren 2015.
– Statsraad Lehmkuhl sitt besøk i Os i juni blei ein folkefest og ein stor sukess.
I går inviterte Anders Lekven og stiftinga Statsraad Lehmkuhl til møte for å presentera oppfølgjaren «Hardangertoktet 2015».
– Lekven prøver å tenkja nytt etter at han kom inn som direktør for stiftinga. Han har eit ønskje om å engasjera Hordaland meir i Statsraaden sine seglas og virke.
– Hardangertoktet kjem som eit resultat av piloten vi hadde på Os i sommar, fortel ordførar Terje Søviknes.
Første stopp Os
Toktet vil gå føre seg i mai 2015 med første stopp på Os.
– Fredag 8. mai, på frigjeringsdagen, klappar igjen Statsraaden til kai framfor Os Sjøfront.
– Planane for mottakinga er langt frå spikra, så her er det sjanse til å tenkja kreativt.
Skuleklassar med på tur?
Toktet går vidare frå Os til Bekkjarvik, Leirvik, Rosendal, Odda, Nordheimsund, Våge før Statsraaden returnerer til Bergen.
– Vi må gjera noko for å ønskja Statsraaden velkomen tilbake, kanskje vi klarer å mobilisera ein armada av småbåtar som følgjer ho inn Bjørnafjorden.
– Det vil nok også denne gongen bli mogleg å vera med frå Bergen til Os og eit kveldscruise i Os-skjergarden.
– Kanskje opnar vi òg opp for at skuleklassar kan vera med på seglasen over til Austevoll.
Eigen tur til Shetland
Ordføraren var med då Statsraaden hadde kveldscruiset i juni.
– Der blei ein idé fødd som blir ein realitet neste sommar. 21. juni 2015 seglar ho frå Os til Shetland på ein eigen tur for osingar som vil vera med.
– Dei som kjøper billettar til denne turen blir medseglarar, altså aktivt mannskap.
– Vi ligg ein dag til land i Shetland før vi returnerer til Os kor ho, etter planen, klappar til kai igjen 26. juni, fortel ein entusiastisk Søviknes.
Blei utnemnd til ambassadør
Entusiasmen frå ordføraren for den stolte skuta har blitt lagt merke til hos stiftinga Statsraad Lehmkuhl.
– Eg fekk den ærefulle utnemninga som ambassadør av Statsraad Lehmkuhl under samlinga i går.
– Det var utruleg kjekt. Det er berre Trude Drevland av ordførarane som har blitt tildelt den æra før.