To med narkotika
Politiet: To personar tatt med hasj og piller på Gaasand. Ein fekk pålegg om å fiksa sota ruter i Os sentrum.
I 21-tida onsdag kveld kontrollerte politiet ein bil med to personar på Gaasand.
– Det viste seg at dei hadde narkotika med seg. Det blei gjort funn av piller og hasj, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
I tillegg blei bilen dei to køyrde avskilta grunna feil og manglar.
– Dei to blei dimitert etter ransakinga. Det blir oppretta sak mot kvar av dei.
Sota ruter i sentrum
Under ein trafikk-kontroll i Os sentrum stoppa patrulja frå lensmannskontoret ein bil med sota film på rutene på både førarsida og passasjersida.
– Føraren fekk muntleg pålegg om å fjerna desse.
– I tillegg må han utbetra baklys det var feil på, seier Sperrevik.
– Godt han brukte flyteutstyr
Rundt midnatt natt til torsdag blei det iverksatt ein redningaksjon etter at ein mann i 60-åra ikkje kom heim som planlagt etter ein båttur.
– Det er bra at mannen hadde flyteutstyr på seg.
– Utan dette kunne det gått mykje verre, avsluttar politioverbetjent Terje Sperrevik.