Kultur | 02. mai 2017

Med lokk og lur

..og litt lipgloss, satsar Tilslørte Bondepiker på to utselde hus i Oseana fredag. – Det første er allereie full, fortel Karianne Maltun.

Andris Hamretysdag 02. mai 2017 10:09

Bildeserie:

Bondepikene har fått seg konto på Felleskjøpet... (foto: Andris Hamre)
Bondepikene har fått seg konto på Felleskjøpet... (foto: Andris Hamre)
1 av 1

Måndag kveld køyrde Tilslørte Bondepiker og bandet Veggpryd gjennom reportoaret dei skal visa publikum kommande fredag i foajeen i Oseana.

– Dette er andre året vi inviterer til vårkonsert. I fjor blei det så fullt at vi fann ut at vi i år måtte setta opp to framsyningar. Og det har jo gått bra, den første klokka 19 er allereie utseldt og framsyninga klokka 21 er også bra sal på, fortel Karianne Maltun.

Konto på Felleskjøpet

Navnet Tilslørte Bondepiker gir nokre naturlege assisiasjonar mot landbruket og jordbruksvirket.

– Vi starta for tre år sidan. Då skulle vi jo ikkje helde konsert ein gang, berre møtast og synga i lag, men det eine har tatt det andre og vi har hatt stadig fleire oppdrag i Os og Bergen, så vi føler vi har treft med vårt musikalske prosjekt, der musikalsk underhaldning med song, rytmer og glimt i auge står i sentrum.

– Det siste året har vi tatt steget enno litt vidare og før konserten har vi fått oss ein "ekstrem makeover" når det gjeld konsertantrekk. No har vi fått oss konto på Felleskjøpet, kor vi har handla stort det siste halvåret, ler Maltun.

Spesialskrivne songar

Konsertane fredag blir ei blanding av "seriøs" song og meir frilynt lokk.

– Det meste vi syng er spesialskrevne arrangement av kjente og ukjente slagarar, gjerne med ein eigen touch. I tillegg lagar vi gjerne nokre spesialskrivne songar til kvart enkelt arrangment. Fleire av songane er arrangert spesielt for oss av Tonje Hernes og Knut Vidar Garlid.

Stødig veggpryd

Nettopp Garlid er også kapellmestar og pianist når bandet Veggpryd med Hallvard Lyssand på trompet, Nils Midtseter på trommer og perkusjon og Arne Hernes på bass støttar bondepikene.

– Dei er satt saman spesielt for fredagens konsertar og presenterer seg for anledningen som eit slags frijazzens Vassendgutane.

– Vi er utruleg stolte at så dyktige musikarar har lyst til å samarbeida med oss, avsluttar Maltun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.