Med Kygo som storkunde
– Vår mest avanserte jobb til no, seier brørne Røttingen i Pro Pyro før kveldens konsert.
I kveld opnar portane til konsert med Kygo framfor inntil 23.000 publikummarar på Bergens største konsertarena, Koengen.
Oliver Nelson og Julia Michaels skal på scenen før Kygo i 21-tida startar konserten sin. Som del av showet er flammar og fyrverkeri, leverandør er Pro Pyro frå Os med brørne Ole Marius og Fredrik Røttingen i leiinga.
– Dette er ein av våre største jobbar til no, Kygo og A-Ha i 2016 var òg store. Men det er vår til no mest teknisk krevjande leveranse, fortel Fredrik.
Presisjon ned til 1/100 sekund
Storebror Ole Marius starta selskapet i 2011, først som Røttingen Pyrotekniske, seinare døypt om til Pro Pyro.
Brørne utvida kort tid seinare frå kategori 4 til også å ta sceneteknisk sertifikat.
– Pyroteknikk tar flammane for oss, mens vi har sjølve fyrverkeriet.
– Det er teknisk krevjande, fyrverkeriet skal følgja musikken, og alt må stemma ned til 1/100 sekund.
Eit godt år trass tørr sommar
På heimebane har Pro Pyro levert fyrverkeri til store spleiselag i Øyane nyttårsaftan, og seinare til endå større spleiselag med kommunen på laget i Os sentrum.
• Sjå video av fyrverkeriet over Os hamn 1. januar 2018
– Vi skulle runda av Tysnesfest med fyrverkeri i år òg, men då var det tørke og bålforbod. Den tørre sommaren har vore eit lite hinder, men det har vore eit godt år for Pro Pyro likevel.
Til jobben på Koengen har eit anna selskap frå Os vore involvert, Os Asvo har snekra ein del utstyr til Pro Pyro.
– Os Asvo er dyktige og ein fin samarbeidspartnar, synest Røttingen i ei travel stund med rigging til kveldens storkonsert.