Kultur | 11. aug. 2013

Med grep på Grieg

VIDEO: Vi har vore i Prestegardsskogen og lytta til Morten André Larsen (21), student ved Griegakademiet.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 11. aug. 2013 10:22

Han hugsar godt kor tid han fekk interesse for gitar, Morten André Larsen, som no skal inn i sitt tredje år som student ved Griegakademiet i Bergen.

– Eg kjem ikkje frå ein spesielt musikalsk familie, og eg hugsar ikkje kvifor eg blei interessert i gitar. Men eg hugsar den augneblinken eg og storesøstra mi sto heime i kjellaren og blei einig om at det å kunna spela gitar, det vill verkeleg vore noko.

Det var heime i Havøysund i Måsøy kommune, ikkje så langt frå Nordkapp.

For tre år sidan flytta familien til Morten frå Finnmark til Os, medan Morten blei igjen eit ekstra år i Finnmark for å fullføra vidaregåande skule.

– Mamma, som er frå Kalandseid, og pappa, busette seg på Os. Sidan eg skulle starta på Griegakademiet fekk eg meg husvære i Bergen, fortel han.

Frå metal til klassisk

Ikkje så lenge etter at den gong 10 år gamle Morten fann ut at gitar såg kult ut meldte han seg på kulturskule i heimkommunen.

– El-gitar var tingen og Metallica og Pantera blant det eg lytta til, det som inspirerte meg.

Det var også hardrock og metal det gjekk i på fritida, då han saman med nokre kameratar starta band.

Men då han gjekk i 8. klasse slutta gitarlæraren hans.

– Eg hugsar at eg tok det tung, seier Morten André.

Den nye læraren fekk humøret opp igjen – og gav unge Larsen innføring og kunnskap i ein annan sjanger; klassisk.

– Utgangspunktet mitt var at dette ikkje var min stil, men eg likte det meir og meir og lærte veldig mykje.

Larsen heldt fram med klassisk gitar ved musikklinja ved Alta vidaregåande skule.

Blant dei første favorittartistane innan klassisk gitar var Julian Bream og John Williams, men mange fleire har kome til seinare.

– Eg trur det er viktig å lytta til mange ulike musikarar skal du bli god sjølv.

Satsa på Grieg

Medan musikksmaken framleis har ein fot i rock og metal, har Larsen blitt endå meir raffinert, ikkje minst fordi han har satsa vidare med instrumentet sitt, klassisk gitar.

– Etter vidaregåande søkte eg på musikkakademia i både Tromsø, Oslo og Bergen, men då alle hadde opptaksprøve same veke, og eg ikkje ville bruka så mykje pengar på flybillettar, satsa eg alt på Griegakademiet.

Han fortel om ein tredelt opptaksprøve, der både teori, gehør og speling av standarrepertoar og eigenvalte låtar blir med i vurderinga.

Og Morten André kom inn på akademiet i byen nærmast heime til foreldra.

Band og konsertar

– No er eg i Os når eg har fri, i helger og feriar, men det blir også litt spelejobbar og instruksjon på fritida, fortel han.

Utanom skulen er han med i ein gitarkvartett med medstudentar. Nokre framføringar blir det òg, både i regi av skulen og utanom.

– Det er eit opplegg mellom skulen og Hurtigruta, der studentar frå akademiet er om bord og speler konsert. I tillegg er vi av og til ute hos verksemder på oppdrag.

Larsen underviser også åtte elevar éin dag i veka, frå 8 år og opp, som del av eit skulefritidstilbod ved ein av skulane i Bergen.

– Eg kunne godt tenkja meg å spela i Os og er open for å starta undervising også her, seier han.

På masterclass i Hamar

Denne helga er Morten André på gitarfestival i Hamar. Ikkje for å spela konsert, men for å læra.

– Det er eit veldig fint høve å møta dei store internasjonale stjernene. Festivalen arrangerer masterclass, der vi kan melda oss på for å få undervising, og eg har vore heldig og fått gitartimar med eit av mine største idol, Marcin Dylla.

Larsen skryter også av Griegakademiet, som ikkje har så mange studentar med gitar som instrument, men som ifølgje han sjølv er eit av få akademi som får inn store musikarar som gjestelærarar.

Men først er det altså masterclass på Hamar, der Morten André skal bruka Danza y cancion av Ruiz People som låt i visa for læraren.

VIDEO: Her kan du sjå Larsen spela første sats av Danza y cancion. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.