Med gåve til kronprinsen
Tre osingar var sentrale då kronprins Haakon i dag fekk overrekt ein skredsøkar for å testa øvingsløype i Voss Fjellandsby.
Etter å ha opna internasjonaliseringskonferanse i Bergen onsdag morgon er H.K.H. Kronprinsen no på Voss for å få med seg VM i freestyle og for å besøka gutane og jentene kjent for merka Bula, Kari Traa og Åsnes, Skigutane.
Men først - tryggleik.
Røde Kors har bygd ein øvingsbane for skredsøk i Voss Fjellandsby. I dag var det offisiell opning ved kronprinsen, som fekk overrekt ein skredsøkar i gåve under seremonien.
Osingen Jan Frode Skeie frå MX Sport, som samarbeider med Voss Fjellandsby, sto for overrekkinga.
Sentral var også osingane Kristian Strønen og Mats Hjelle frå Røde Kors.
– Ein av dei som har vore med på å utvikla skredsøkaren var også med, og han hadde programmert gåva med eige monogram med namnet til kronprinsen. Eg trur han var litt imponert då han starta den og skjermen hadde personleg profil.
Fekk testa søkaren
Røde Kors eig utstyret, Voss Fjellandby driftar banen. Begge partar held fleire kurs om skred, med teori og praktisk bruk av banen.
– Øvingsbanen ligg med nedgravde kofferter med recco og S/M-sendarar, og kan brukast gratis av alle, seier Skeie.
– Mange liker å kjøra utanfor løypene og mange kjøper pudderski, utstyr til topptur og tryggleiksutstyr.
– Men ikkje alle har kunnskap om skred eller bruk av utstyret. Om du ikkje har prøvd utstyret og brått står i ein situasjon der du har bruk for det, så kan verdifulle minutt gå tapt for dei som ligg begravd i snøen.
Etter å ha mottat søkaren fekk Kronprins Haakon prøva utstyret i løypa.
– Han viste veldig stor interesse og tok seg god tid til å høyra om både skred, redning og bruk av utstyr. Mykje media møtte også opp, både TV2, NRK og aviser, fortel Skeie.
Og kronprinsen klarte seg bra med utstyret i øvingsbanen.