Med fleire nye i stallen
Damelaget til Os har mista tre spelarar frå førre sesong, men har hatt fleire nye med i oppkjøringa til serien som startar i september.
Handballdamene til Os må den komande sesongen klara seg utan Trine Balland, som har lagt opp, Hilde Kristine Røttingen, som står over, og keepertalentet Eva Kristiansen, som har gått til Fana.
– Men vi har talentet Vilde Fyllingen (17) med oss vidare etter debuten førre sesong og mange frå det sterke 96-kullet er no inne i stallen, seier trenar Erlend Lyssand.
– I tillegg har vi fått Marte Øvreeide (25) tilbake frå Volda, der ho var med å vinna deira 2. divisjonsavdeling i fjor.
Brukte 4 av 9
Os hadde 9 av 16-åringane (96-kullet) med på treningsleir i Kroatia i august. I går fekk 4 av dei spela i treningskamp mot Volda.
Les òg: Prøvde seg mot topplag
– Vi brukte 4 i går, men har fleire som bankar på døra og som kjem til å debutera på førstelaget om ikkje så lenge.
– Dei unge spelarane viser enorm treningsvilje og dei er fryktlause i kamp. Dei kjem til å prestera godt på seniornivå veldig fort, trur Lyssand.
God matching etter opprykk
Andrelaget til handballdamene rykte opp i vår og Os stiller denne sesongen med lag både i 2. og 3. divisjon.
– Det gjer at alle jentene får veldig god matching. Å halda andrelaget i 3. divisjon har høg prioritet.