Politikk | 16. nov. 2021

MDG kjem med sitt eige budsjettframlegg

– Vi står no ved eit vegval og eit verdival.

MDG kjem med sitt eige budsjettframlegg
Nils-Anders Nøttseter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 16. nov. 2021 12:17

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden går vidare med eige budsjettframlegg for 2022, opplyser Nils-Anders Nøttseter i ei pressemelding i dag.

– Bjørnafjorden kommune står overfor enormt store økonomiske utfordringar dei komande åra. Reknestykket er enkelt, kommunen ligg an til å ikkje kunne utføra kjerneoppgåvene utan også å auka inntektene monaleg. Situasjonen er alvorleg, og vil prega kommunen mange år framover.

Kommunedirektøren viser i sitt budsjettframlegg korleis innføring av eigedomsskatt gjer kommunen i stand til å oppretthalda tenestene for barn, unge, eldre og sårbare grupper på eit akseptabelt nivå.

– Utan denne inntektskjelda må kommunen gjera dramatiske kutt i tenestetilbodet, langt ut over dei kutta som har vorte planlagt og gjennomført dei siste åra.

MDG Bjørnafjorden har berekraft som eit heilt sentralt politisk prinsipp - det gjeld også økonomisk berekraft.

– Vi står no ved eit vegval og eit verdival. Vi vel å føra ein ansvarleg økonomisk politikk som tryggar viktige tenester for innbyggjarane, spesielt for dei svakaste i samfunnet, både på kort og lang sikt. For vårt vedkomande medfører det at kommunen må innføra eigedomsskatt allereie i 2022.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti har informert MDG om at det er uaktuelt for dei å vurdera innføring av eigedomsskatt i arbeidet med budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025.

MDG kjem difor til å levera eit eige budsjettframlegg for 2022 der vi stør kommunedirektøren si tilråding om å innføra eigedomsskatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.