Samferdsle | 29. juni 2013
MC-ulykke på Øyro
Ein moped blei knust ved Bakketeig laurdag kveld. OPPDATERT
Kari M. Lyssandlaurdag 29. juni 2013 21:44
I 21.20-tida kom det melding om ei MC-ulykke i Os sentrum. Ein moped ligg velta ved Bakketeig på Øyro.
Ambulanse er på staden, politiet har førebels ikkje kome fram.
Det er uvisst kva som har skjedd og om nokon er skadd.
OPPDATERT: Det var ei jente på 16 år som var involvert i mopedulykka i sentrum.
- Jenta kom køyrande inn i sentrum frå gamle brannstasjonen og kjørte i dei to søylene utanfor Bakketeig, fortel Erik Walden, vakthavande i Os Brannvesen.
- Ho hadde fått ansiktsskader, men var bevisst og blei frakta frå staden i ambulanse.
Jenta hadde på seg hjelm då ulykka skjedde.