MC-førar skadd i ulykke på Skeie
Ein mc-førar er frakta til sjukehus etter kollisjon med ein bil på Skeisflaten.
Måndag i 20.30-tida kom politi og brannvesen til krysset mellom Skeisflaten og Skeisleira.
Ein bil har kollidert med ein motorsykkel. MC-førar er bevisst, men har smerter i beina, opplyser politiet.
– Det var eit voldsomt brak og vi var fleire naboar som kom raskt til staden, fortel eit vitne som hjelpte til med å dirigera trafikken etter ulykka.
I 20.50-tida kom også ambulanse til staden. MC-førar blei frakta til Haukeland universitetssjukehus.
Begge er i 40-åra
Både MC-førar og bilførar var åleine i/på sine køyretøy.
– MC-førar er i slutten av 40-åra. Bilførar er akkurat like gamal, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnor i Vest politidistrikt.
– Ulykka har truleg skjedd i samband med brot på vikeplikt, men det er for tidleg å seia dette sikkert. Begge skal ha førarkort og det er ikkje mistanke om promille.
Oppdatert: Det er tatt beslag i førarkortet til mc-føraren grunna mistanke om brot på vikeplikta.