Maya i Playboy
«She's got legs!» skriv det amerikanske magasinet om osingen som i desse dagar er i New York for å spela konsertar.
Musikar Maya Vik frå Os får denne veka spennanade merksemd i USA.
Playboy har i dag eit heilsidebilde av Maya under tittelen: «She's got legs!»
«Denne glamorøse og langbeinte sangeren og bassisten er av en eller annen grunn ukjent i USA, noe som er rart siden hennes beste låter, «Bummer Gun» og «On It (Kapow!)» har en funky eletronisk eksentrisitet som minner om 80-tallshitlåtene Jimmy Jam og Terry Lewis skrev for the S.O.S. Band, Alexander O'Neal og Janet Jackson. Og Viks coverversjon av Ready for the Worlds «Oh Sheila» er så spot on at det ikke er rart hun har Jheri-krøller», skriv Playboy sin musikkjournalist.
- Vi blei kontakta for nokre månadar sidan, men vi visste ikkje at det kom til å bli eit så stort oppslag, sa Maya til Dagbladet.no i går.
Bildet er tatt av Pål Laukli, ein fotograf Maya har jobba mykje saman med.
Den tidlegare Furia- og Montée-bassisten, som no satsar på ei solokarriere, er no i New York for å spela nokre konsertar og å jobba med ny musikk.
Les òg: Ny video frå Maya