Maurstad til Oseana
Norsk teaters "grand old man", Toralv Maurstad, gjestar Oseana med "Sokrates' forsvarstale" torsdag 30. januar.
Riksteateret sin direktør Ellen Horn presenterte tysdag speleplanen for våren på ei pressekonferanse i Oslo. Ei av godbitane ho trakk opp frå sekken var Toralv Maurstad i publikumssukessen "Sokrates' Forsvarstale".
Framsyninga blei først satt opp på Nationaltheateret si amfiscene, men blei raskt flytta til hovudscenen med stadig nye ekstraframsyninger.
Dette er Sokrates' forsvarstale
Våren 399 før Kristus satt den 70 år gamle Sokrates på tiltalebenken i Athen. Han var åklaga for blasfemi og for å ha fordervet ungdommen. 501 borgarar var utpeikt som jury ved loddtrekning, og Sokrates førte sjølv sitt forsvar.
Sokrates´ forsvarstale, nedteikna av Platon, er eit legendarisk manifest og eit retorisk meisterverk som framleis kastar lys over viktige politiske og moralske problemstillingar. Når Toralv Maurstad går inn i rolla som den dødsdømde filosofen Sokrates, er det Stein Winge som har regien. Båe er nestorar inna kvart sitt felt i norsk teater.
Sokrates´ forsvarstale med Toralv Maurstad er ein unik moglegheit til å oppleva ei teaterlegende i ein historisk klassikar.
Framsyninga er produsert av Nationaltheateret i samarbeid med Festspillene i Bergen.