Sport | 04. jan. 2017

Måtte til Stavanger for god is

Laurdag starter EM for Sverre Lunde Pedersen. Dårleg vêr i jula gjorde at han måtte emigrera til Stavanger for å førebu seg.

Måtte til Stavanger for god is
Sverre Lunde Pedersen måtte legga romjula til Stavanger for å få gode treningstilhøve. Her i oppvarming under verdscupen same stad i fjor (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 04. jan. 2017 13:58

Rett før jul blei Sverre Lunde Pedersen noregsmeister i allround skøyter i Trondheim. Til helga venter eit nytt meisterskap når EM både for sprint og allround blir arrangert i Heerenveen i Nederland.

– Det blir spennande det. Eg gler meg. Målet er å ta medalje, fortel Lunde Pedersen på telefon frå den nederlandske skøytebyen.

Kramer storfavoritt

Lunde Pedersen reknar, nær sagt som vanleg, nederlandske Sven Kramer som storfavoritt, men ser også fleire sterke konkurrentar han skal få brynt seg på.

– Blokhusjsen, Swings, ein nederlender til, ein russer, ein polakk. Det er mange som i tillegg til meg vil kjempa om plassene bak Kramer som er den desidert største favoritten.

Meir fokus på plass enn tid

I EM Allround er det samanlagtsigeren som gjeld på dei fire distansane 500, 1500, 5000 og 10000 meter.

– Det er plasseringa i kvart løp som tel, meir enn tidene. Når det gjeld dei som er det vanskeleg å forutsjå på ei lavlandsbane som det er her i Heerenveen. Eg bør vel vera på 36 låg på 500, rundt 6,15 på 5000, 1,45-46 på 1500 og rundt 13,10 på 10000-meter for å lukkast.

Måtte til Stavanger

Formen kjennes bra og Lunde Pedersen meiner han har fått trent bra gjennom og etter jul og nyttår.

– Vi har vore her nede sidan søndag, så vi har fått nokre gode økter på isen. Veka før måtte vi reisa til Stavanger frå tirsdag til fredag for å få trent.

– Det var heilt naudsynt. Her heime var det ikkje bra nok, det var mogleg å gå på Slåtthaug, men forhold var ikkje gode nok til at vi skulle få skikkeleg utbytte av treninga, fortel Lunde Pedersen.

Historisk EM

Lunde Pedersen går 500 og 5000 meter laurdag og 1500 og 10000 meter søndag, men samstundes med at det blir arrangert EM allround blir det også arrangert EM Sprint i same arena.

– Det gjer at det er fleire løp å sjå på for publikum, men for oss som går allround så er opplegget som det pleier å vera. To løp på laurdag og to på søndag, avsluttar Lunde Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.