Måtte taua tre bilar og éin moped
Politiet bisto Os kommune med å rydda sentrum for bilar før dagens Tour des Fjords.
Om ein knapp time byrjar showet knytt til starten på årets Tour des Fjords.
Starten går i Os sentrum, der Os kommune og politiet i går gjekk dør til dør for å få vekk alle bilane der eigarane hadde oversett p-forbodet etter klokka 21 i går.
– Vi banka på dører i bustadar i sentrum, var innom restaurantar, helsestudio, bingo og politiske møter. Det meste blei rydda unna, fortel Elisabeth Thomassen frå teknisk eining i Os kommune.
Dei hadde med seg politiet og Falcken. Til slutt var det tre bilar og ein moped som måtte fjernast. Bilistane må ut med 2500 kroner for å få bilen tilbake.
– To av dei har allereie henta bilane sine. Mange kan bli betre til å lesa skilt, det var til og med bilar som prøvde å parkera mens vi sette opp sperringar i går.
Stengde vegar i Os og Bergen
Skal du nå noko i dag? Ein legetime, ei handballtrening eller eit møte i Os, Fana eller Bergen?
Då bør du vera tidleg ute!
Kor kan du parkera? Kva vegar blir stengde? Her får du oversikt.