Mars var kaldare enn normalt
I fjor fekk vi ein rekordvarm marsmånad i Bergen, i år var den under normalen.
Mens vi gler oss over at påskesola varmar i april, kan vi sjå tilbake på ein marsmånad som var kaldare enn normalt.
– Temperaturen for heile landet hamna på 2,9 grader under normalen, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.
Klassifikasjonen av mars viser at månaden var «Kald» i det meste av Sør-Norge, og «Svært kald» i det meste av Nord- Norge. I store delar av Lofoten og Vesterålen var mars «Ekstremt kald».
Frå varmt til kaldt i Bergen
Mars i fjor var rekordvarm på vêrstasjonen Florida i Bergen, med snittempteratur på 6,3 gradar.
I mars i år var snittet 2,3 gradar i Bergen, noko som er 1,5 gradar kaldare enn normalen.
Kaldaste målte temperatur var -9,7 gradar.
Vi hadde 18 dagar med minusgradar i mars.
Mengda dagar med nedbør var 17, mens den totale nedbørsmengda var 181 mm, noko som er 90 prosent av normalen.
Tørr påske
Finvêret vi har i dag held fram.
Det er meldt opphaldsvêr i Os ut nesten heile påsken, med lettskya og skifritt delar av dagane som kjem.
Neste regnbyge er venta å koma andre påskedag etter lunsj.
Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent
Så, tilbake til mars:
Dei varmaste stasjonene var
- Kvitsøy – Nordbø (Rogaland) 3,4 °C (0,4 °C under normalen)
- Røvær (Haugesund, Rogaland) 3,3 °C (0,3 °C under normalen)
- Utsira fyr (Rogaland) 3,2 °C (0,3 °C under normalen)
Dei kaldaste stasjonene var
- Cuovddatmohkki (Karasjok, Troms og Finnmark) -15,3 °C (6,0 °C under normalen)
- Sihccajavri (Kautokeino, Troms og Finnmark) -15,2 °C (5,7 °C under normalen)
- Kautokeino (Troms og Finnmark) -14,9 °C (5,7 °C under normalen)
Dei våtaste stasjonene var
- Flekkefjord (Agder) 323,9 mm (86 % mer nedbør enn normalt)
- Lyngdal (Agder) 301,6 mm (ingen normal ennå)
- Gullfjellet (Bergen, Vestland) 282,8 mm (11 % mindre nedbør enn normalt)
Dei tørraste stasjonene var
- Skjåk II (Innlandet) 10,0 mm (9 % mindre nedbør enn normalt)
- Skjåk (Innlandet) 12,1 mm (7 % mindre nedbør enn normalt)
- Dovre - Lannem (Innlandet) 13,7 mm (19 % mindre nedbør enn normalt)