Marknaden i Os: Februar 2018
Korleis var februar månad, korleis utviklar prisane seg – og korleis reknar vi eigentleg ut kvadratmeterpris?
«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.
I februar 2018 blei det selt i alt 20 bustadar i Os. Det er 11 færre enn i januar 2018, 21 færre enn i februar 2017 og 12 færre enn februar 2016.
3 bustadar skifta eigar utanom marknaden, medan 17 blei selt i den opne marknaden.
• Les òg: Marknaden i Os: Januar
Flyten held fram
Marknaden i 2017 kunne fortelja oss om ein nedgang frå mai til nyttår. Ifølgje eiendomsverdi.no sin prisindeks i Os dei siste 2 månadane, er prisendringa verken positiv eller negativ.
Aktiviteten i marknaden har auka kraftig, og prisnivåa ser ut til å ha stabilisert seg.
• Sjå liste for februar: Kven selte og kven kjøpte eigedom i Os førre månad?
Omsetnadshastigheita i februar var på 63 dagar, noko som byrjar å nærma seg snittet for dei siste 12 månadane, som er på 59 dagar.
Marknadspris vs. prisantyding
Av einebustadar selt i februar blei 71 % selt over prisantyding, medan 100 % av leilegheitane blei selt under prisantyding. 60 % av bustadane som blei selt dei siste 3 månadane, blei selt under antyda pris.
Ifølgje den gamle filosofen Adam Smith, som levde på 1700-tallet, er tilbod og etterspurnad avgjerande for marknadsprisen på ei vare.
I ein feilfri bustadsmaknad er prisantydinga lik marknadspris, men realiteten er at prisantydinga ligg ein plass mellom den objektive vurderinga av bustaden og eigar sine prisforventingar.
Sal vs. prisantyding dei siste 3 månadane:
• 60 % under prisantyding
• 6 % lik prisantyding
• 34 % over prisantyding
Eigedomssal og snittprisar i Os i februar 2018
Einebustad: 9 sal
Snittpris kr 3 725 555,-
Snittpris kvm: 28 349,-
*Omsetnadshastigheit: 41 dagar
Tomannsbustad: 4 sal
Snittpris kr 3 731 250,-
Snittpris kvm: 31 269,-
Omsetnadshastigheit: 76 dagar
Leilegheit: 5 sal
Snittpris kr 2 425 000,-
Snittpris kvm: 35 462,-
Omsetnadshastigheit: 81 dagar
Rekkjehus: 2 sal
Snittpris kr 3 003 550,-
Snittpris kvm: 31 008,-
Omsetnadshastigheit: 82 dagar
Samla tal for februar 2018: 20 sal
Snittpris kr 3 221 339,-
Snittpris kvm: 31 522,-
Omsetnadshastigheit: 63 dagar
Tilsvarande tal for februar 2017: 41 sal
Snittpris kr 3 278 803,-
Snittpris kvm: 29 584,-
Omsetnadshastigheit: 64 dagar
Tilsvarande tal for februar 2016: 32 sal
Snittpris kr 3 099 803,-
Snittpris kvm: 27 741,-
Omsetnadshastigheit: 29 dagar
Det som utmerkte seg i februar var snittprisane på tomannsbustad og einebustad.
Einebustadane hadde lågare snittpris denne månaden grunna alder og storleik på husa. Tomannsbustadane som blei selt i februar var nyare og hadde betre standard.
Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane
Siste 12 månadar
385 sal
Snittpris: kr 3 188 759,-
Snittpris kvm: 30 227,-
Omsetnadshastigheit: 59 d
Siste 6 månadar
162 sal
Snittpris: kr 3 123 321,-
Snittpris kvm: 30 052,-
Omsetnadshastigheit: 73 d
Siste 3 månadar
67 sal
Snittpris: kr 3 219 543,-
Snittpris kvm: 31 182,-
Omsetnadshastigheit: 86 d
Tala frå dei siste 3 månadane er ein del av tala frå dei siste 6 månadane, og ein kan sjå at snittprisane er høgare dei siste 3 månadane. Snittprisane har auka i takt med omsetnadshastigheita den siste tida.
* Omsetnadshastigheita er rekna ut frå bustadar som er selt i den opne marknaden, ikkje prosjekterte bustadar, private sal eller heimelsoverføringar.
Dagens utval og marknad
I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 20 einebustadar, 12 tomannsbustadar, 11 rekkjehus, 48 leilegheiter, og 1 produksjon/industri for sal på Finn.no - i til saman 64 annonsar.
Det er 3 annonsar færre enn byrjinga av februar. 4 av annonsene er allereie selt.
Både i Bergen og i Os har det den siste tida vora selt fleire bustadar enn det har vore lagt ut for sal.
Fleire av bustadane som har lagt for sal lenge blir selt, og det blir jamt lagt ut nye bruktbustadar for sal. Bergensmarkaden ligg normalt sett eit hesthovud framfor Os.
Marknaden i Bergen har losna, og Os følgjer etter. Det er for tideleg til å friskemelda marknaden, men ein har lov til å vera optimistisk. Prisveksten i Os kan koma tilbake tidlegare enn ein hadde trudd.
Korleis reknar du ut kvadratmeterpris?
Det er vanleg at eit større hus har lågare kvadratmeterpris enn eit mindre hus. Dette kjem av at alle bustadar har ein grunnpris med tomt, grunnarbeid, kjøkken, bad mm. uavhengig av storleik.
Alle målbare areal i ein bustad blir kalla bruksareal (BRA). Alle rom i huset er med i bruksarealet. P-rom er det same arealet som BRA, men med unntak av garasje, uinnreidd kjellarrom/loft, bodar og andre lagringsrom. P-rom er typisk opphaldsrom som stove, soverom, kjøkken, bad, vaskerom, entré/gang, trapperom, kontor ol.
Det er mykje snakk om korleis ein reknar ut kvadratmeterpris, og då er det viktig å ta utgangspunkt i rett areal.
Kvadratmeterprisen finn du ved å dela prisen på bustaden på antall kvadrat med p-rom.
Eksempel: Om eit hus har BRA på 105 kvm, p-rom på 100 kvm og blir selt for 3.000.000 kroner blir kvadratmeterprisen 30.000 kroner. (kr 3.000.000/100 kvm p-rom = kr 30.000 pr kvm.)