Marius fekk 6 i Molde
– Det varmar veldig, seier Marius Neset, på veg til Finland for å dela scene med legenda Wayne Shorter (81).
Marius Neset har gjort det igjen - bergtatt publikum og musikkmeldarar under Moldejazz.
I 2011 fekk han årets JazZtipendiat i Molde, til verdi av 650.000 kroner, året etter leverte han saman med Trondheim JazzOrchestra bestillingsverket, som blei kalla «tidenes konsert i Molde». Neset og jazzorkesteret fekk i år spellemannprisen for albumet frå konserten.
I år var Marius tilbake på Moldejazz, denne gong med bandet frå ferskaste album, Pinball.
– Vi har gjort 30-40 konsertar i år, men dette var den første i Noreg, fortel Marius.
«Magiske Marius»
Marius og bandet, som består av Ivo Neame (tangentar), Jim Hart (vibrafon og marimba), Petter Eldh (bass) og Anton Eger (trommer og perkusjon), spelte konsert på dagtid under Moldejazz.
– Konserten var klokka 14, så eg var spent på om folk var stått opp. Men det var dei, det blei smikkfull sal og eit veldig godt publikum. Du merkar med éin gong om publikum er lydhøyr.
Musikkmeldar Øyvind Brunvoll i Romsdals Budstikke skildrar konsertopplevinga godt. Han kallar Marius for magisk og skriv blant anna dette:
«Mye av det Marius Neset brer utover er gedigne lydmalerier. De ulike teknikker han tar i bruk skaper spenning og forundring, men det er full beherskelse fra A til Å og i ethvert annet register. Derfor kan en lure på hva som foregår i en slik komponists hode.»
Om bandet legg han til: «Enkelte samspillssekvenser rytmegutta imellom var hinsides vanlig fatteevne, sjøl for mennesker med matematiske talent.»
Konserten får terningkast 6. Her kan du lesa heile rapporten til Brunvoll.
Blir ikkje herda av skryt
Det har blitt tett med 6-arar og rosande ord for Neset, både etter plateslepp og konsertar.
– Set du likevel framleis pris på god omtale, eller blir du litt «herda»?
– Det går ikkje an å bli herda av skryt! For det første er eg takksam for den gode opplevinga publikum gav oss, for det andre så varmar det veldig med så gode ord frå ein musikkmeldar. Det kjennest godt når musikken din rører nokon.
På veg til årets høgdepunkt
Pinball-turneen held fram, blant anna til Tyskland, Italia og Sveits. Men først: Finland.
– Eg har ikkje spelt på den festivalen i Finland før, men det som gjer det ekstra stort er at Wayne Shorter skal spela på same scene.
Amerikanaren Shorter, som fyller 82 år i august, har vunne 10 grammy og er ei stor jazzlegende.
– Han har vore forbildet mitt i mange år, sa Marius til Midtsiden i går, på flyplassen på veg til Finland.