Kultur | 14. juni 2014

Maria Mena til Os

I dag startar salet på haustprogrammet i Oseana. Maria Mena, Jonas Fjeld, Egil Søby, Bård Tufte Johansen og Nathalie Nordnes er blant dei som kjem til Os etter sommaren.

Maria Mena til Os
Kulturhusvert Janne Mari Hjelle og direktør Ole Tobias Lindeberg håper å fylla Oseanasalen mange gongar i løpet av hausten (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 14. juni 2014 08:45

Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg og kulturhusvert Janne Mari Hjelle gler seg til ein variert og innhaldsrik haust på Oseana når dei laurdag opnar billettsalet.

– Vi gjer ein liten twist på det heile i år. Billettane blir lagt ut for sal kun i resepsjonen på Oseana no i helga og på billettservice først på måndag, så vil du sikra deg dei beste plassane rår vi deg til å ta turen innom.

Lanserer nyvinning

Det breie programmet fevnar frå publikumsfavorittar som Maria Mena og Bård Tufte Johansen til gjengangarane som Jazzkafé og Seniortreff.

– Ei nyvinning har vi òg i haust. Den er litt i gata som seniortreffa, men vi håper og trur den vil treffa eit breiare publikum.

– Det er foredraga med byhistorikar og kåsør Jo Gerstad som vil snakka om «Os sett frå Bergen og Bergen sett frå Os» og med ein av dei beste motivatørane som finst i Skandinavia, tidlegare OL-meister i kajakk, Egil Søby, som vil snakka om «Humørets betydning - suksessfaktorar i kvardagen».

– Spesielt det siste vil eg tru det er mange av idrettsfolka i Osbygda som vil ha glede av, men også vi som er litt mindre aktive kan nok læra mykje av Søby, trur Janne Mari Hjelle.

Fargespill tilbake

Ei framsyning er dei spesielt glade for å kunne ønskje velkomen tilbake.

– Det er «Fargespill». Sist vi hadde dei her så var det stinn brakke. Vi kunne sikkert seld to fulle hus.

– Sjølv om dei har vore her tidlegare, så er det ei heilt ny framsyning. Denne gong heiter den «FargeFest», fortel Lindeberg.

Big in Japan

For dei minste er dei spesielt glade å kunne presentera «Øisteins blyant».

– Øystein Kristiansen kjenner sikkert mange frå barne-tv på NRK Super. Han starta eit selskap og flytta til Singapore. Der byrja han etterkvart og produsera TV-seriar kor han viser at alle kan og bør teikna.

– Den har blitt utruleg populær i heile Asia og du kan trygt seia at han er «big in Japan», seier ei forventingsfull Janne Mari Hjelle.

Trommesirkel

Også for dei unge har Oseana henta Lars Kolstad og konseptet med trommesirkel frå Fana.

– Dette er eit utruleg populært konsept i Fana, som vi no adopterer til Os.

– Eg har sjølv vore tilstades med jenta mi og det er kjempegøy. Lars skaper musikk saman med ved hjelp av trommer og andre rytmeinstrument, forklarer Lindeberg om artisten som kjem tre søndagar i løpet av september, oktober og november.

Spennande klassisk

Lindeberg, som har ei fortid i Bergen Filharmoniske orkester (BFO), set ikkje overraskande pris på dei klassiske innslaga i programmet.

– Eg må presisera at eg har tru på heile programmet, men eg synest det er litt ekstra stas å kunna gje ei gåve til korbygda Os med Edvard Grieg Kor som kjem i september.

– Det er eit vanvittig dyktig kor, tidlegare kjent som Kor Vest, under leiing av Nicolas Finck.

– I tillegg gler eg meg til å høyra Bergen Stryk i samspel med Nathalie Nordnes.

– Bergen stryk består 15 strykarar frå BFO som saman med Nathalie Nordnes kjem til å skapa magisk stemning.

Lokale med ein sentral plass

Sjølv om dei har fått mange nasjonale og regionale namn og framsyningar på plass er det ikkje tvil om at også dei lokale bidraga gler dei to på Oseana.

– Både Unge Talent med musikkforeininga, adventskonsert med Os og Kuventræ skulekorps og julekonserten med Fonos blir bra.

– Men det er litt ekstra stas å kunna vidareføra samarbeidet med Terje Neset og Anne Leni Søfteland Sæbø i framsyninga «Sing, sing, sing», kor dei har sydd saman eit show av og med alle 10. klassingane på Nore Neset Ungdomsskule, avsluttar Ole Tobias Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.