Lokal | 19. mars 2016

Mann sparka i svime av kvinne

Politiet fortel om funn av sprøyter på leikeplass, funn av død svane og mann til Haukeland etter «frispark» av kvinne.

Mann sparka i svime av kvinne
(Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 19. mars 2016 22:48

Klokka 01.23 natt til laurdag fekk politiet melding om bråk på ein utestad i Os sentrum. Ein mann blei skadd då ei kvinne sparka han i hovudet.

– Det hadde vore noko bråk ved utestaden og vaktane greip inn. Ein mann som var lagt i bakken skal ha blitt sparka i hovudet av ei kvinne, fortel operasjonsleiar Arve Samsonsen.

Mannen besvimte av sparket. Han blei sendt til Haukeland universitetssjukehus for sjekk mens kvinna, som er i 20-åra, blei køyrd til Bergen for overnatting i arresten.

Stoppa bil med fleire feil

Tidlegare på kvelden, klokka 23.36, blei ein bil stoppa på Byvegen.

– Det blei funne feil på både lys og dekk og førar fekk forelegg, fortel Samsonsen.

Fann brukte sprøyter på Nore Neset

Ved ein leikeplass på Nore Neset blei det litt før klokka 14 fredag funne brukarutstyr.

Nokon hadde funne nokre brukte sprøyter og politiet seier dei vil trappa opp patruljeringa i området.

Svane sto fast i gjerde

I 13-tida fredag fekk politiet melding om funn av død svane.

Svana hadde sete seg fast i eit gjerde på Tøsdal. Politiet fekk ein viltkontakt til å ta hand om den døde fuglen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.