Mann påkjørt på glatten
Os natt til søndag: Påkjørt mann i Borgavegen, mann med promille på Byvegen og kvinne som fekk ein kinaputt slengt inn husdøra.
Søndag klokka 03.17 fekk politiet melding frå ambulansen om påkjørt mann i Borgavegen, nordaust for Os sentrum.
– Fotgjengaren, ein mann i 50-åra, blei lettare skadd, fortel politibetjent Janne Samuelsen til Midtsiden.
Bilførar, ein mann i 20-åra, skal ha gjort det han kunne for å stoppa, men det skal ha vært svært glatt då uhellet skjedde.
Tatt med promille
Ganske samtidig med trafikkuhellet, klokka 03.18, var politiet på Byvegen og kontrollerte ein bilførar.
– Vedkomande, ein mann i 40-åra, er mistenkt for promillekjøring.
Kasta kinaputtar inn i hus
Litt tidlegare på natta, i 1.30-tida, fekk politiet melding frå ei kvinne å Søre Neset.
– Nokon hadde opna ytterdøra hennar og kasta inn ein kinaputt eller liknande fyrverkeri, fortel Samuelsen.
29 kontrollerte
Søndag formiddag hadde politiet promillekontroll på Byvegen på Søfteland.
29 blei kontrollert, alle var edru og hadde papira i orden.