Mann overbord
Blei plukka opp av MS Tornerose.
Politiet fekk onsdag melding om ein båt på driv utanfor Os.
- Førar av båten hadde falt overbord og MS Tornerose var ute og plukka han opp, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Det skal ikkje vera fare for liv, men båtførar blei overlate til helsevesenet.
3 mopedar i breidda
Tre mopedørarar på tur på Byvegen fekk tilsnakk frå politiet .
- Dei køyrde i breidda og i lav hastigheit, fortel Sperrevik.
- Vi gav dei tilsnakk og fortalde dei korleis dei skulle oppføra seg i trafikken.
Politiet fekk melding om ein person som hadde brote besøksforbodet han hadde til ein institusjon i Os.
- Personen var vekke frå staden då politiet kom.
Drikkelag
Onsdag kveld fekk politiet meldingar om to forskjellige drikkelag i Os. Det eine var i Os sentrum og politiet fekk oppløyst laget.
- Og så var vi ute på eit drikkelag på Søfteland og dei blei bortvist frå staden etter at dei hadde rydda opp etter seg, avsluttar Sperrevik.