Lokal | 12. sep. 2016

– Mann over bord!

«Forebyggende seilas»: Elevar frå Kuventræ fekk grundig innføring i godt sjømannsskap og viktig redningsutstyr.

– Mann over bord!
Korleis få ein mann om bord igjen? Mannskapen på Bjarne Kyrkjebø viste utstyr og metodar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 12. sep. 2016 14:18

Bildeserie:

Bjarne Kyrkjebø til kai ved gjestebrygga i Os hamn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjarne Kyrkjebø til kai ved gjestebrygga i Os hamn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Røde Kors var blant dei som deltok. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Røde Kors var blant dei som deltok. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Praktisk innføring i livsviktig kunnskap. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Praktisk innføring i livsviktig kunnskap. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Regionsansvarleg Bente Ottesen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Regionsansvarleg Bente Ottesen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gitle Smaadal frå Os brannvesen viste dykkarutstyret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gitle Smaadal frå Os brannvesen viste dykkarutstyret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjersti Mellingen viste sløkkeutstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjersti Mellingen viste sløkkeutstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Visste du at dette er dykkarflagg, som betyr at du skal halda deg unna? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Visste du at dette er dykkarflagg, som betyr at du skal halda deg unna? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Anne Lyssand måtte konkurrera med bølgeskvulp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Anne Lyssand måtte konkurrera med bølgeskvulp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Vi har lært mange knutar! seier denne jentegjengen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Vi har lært mange knutar! seier denne jentegjengen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Også gutane lærte gode stikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Også gutane lærte gode stikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... men flygande pålestikk var vanskeleg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... men flygande pålestikk var vanskeleg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Test av hjelm med kommunikasjonsutstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Test av hjelm med kommunikasjonsutstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Omvising om bord i Bjarne Kyrkjebø. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Omvising om bord i Bjarne Kyrkjebø. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 13

Redningsselskapet, som fyller 125 år i år, er i dag i Os på «Forebyggende seilas».

– Vi besøker 13 hamner frå Måløy i nord til Stord i sør, fortel regionsansvarleg Bente Ottesen.

Ho byrja som leiar for region vest i april i år og er på sitt første tokt av dette slaget.

– Eg er imponert over kor høflege og lydhøyre elevane er. I dag er vi dessutan heldige med vêret.

Litt vind og bølgjesus gjorde at noko av undervisinga skjedde på parkeringsplassen utanfor Peppes i staden for på brygga.

Knop, stikk, tryggleik og sjekk av utstyr

Os Røde Kors, ambulansen, brannvesenet og politiet var på plass med eigne stasjonar, men ambulansen mått ut på oppdrag midt i programmet.

– Elevane er delte opp i grupper og rullerer frå besøk om bord i Bjarne Kyrkjebø til livreddande førstehjelp hos Røde Kors, ein prat om forebygging med politiet, praktisk innføring i gode knopar og stikk hos ung-avdelinga i Redningsselskapet og ein prat med Os brannvesen med redningsdykkarar.

– Målet er både å spreia kunnskap, men òg å danna grunnlaget for gode haldningar til sjøs. Ungar er ofte både lærevillige og flinke til å læra frå seg. Med god innføring trur eg mange av desse òg vil bli gode rollemodellar, seier Ottesen.

I 2015 var Redningsselskapet ute og gav assistanse til over 6000 båtar og redda 30 personar frå å drukna. 30.000 unge fekk innføring i tryggleik på sjøen og 3.900 frivillige gjorde ein innsats for 125-åringen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.