Lokal | 21. des. 2018

Mann mistenkt for overfallsvaldtekt i Os i 2004

DNA tatt i samband med valdtektsepisode i oktober i år skal ha avslørt mistenkte.

Mann mistenkt for overfallsvaldtekt i Os i 2004
Her, ved gangfeltet over Byvegen, mellom Giskavollen og Holtbrekka, blei ei 20 år gamal kvinne valdteken i 2004. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. des. 2018 15:34

I dag blei ein mann i 50-åra framstilt for varetektsfengsling, mistenkt for ei 14 år gamal overfallsvaldtekt i Os.

Ei 20 år gamal kvinne blei i 2004 overfalt i eit gangfelt i Os sentrum, og valdteken, men politiet fann aldri ein gjerningspersonen.

Mannen som no er mistenkt skal ha blitt pågripen 28. oktober i samband med ei anna valdtekssak i Os, skriv NRK, og viser til BA.

– Sikta er busett i Os og har budd i Os sidan før saka i 2004, stadfestar politiadvokat John Lode Roscoe til Midtsiden.

Avslørt av DNA-prøve

DNA-prøve tatt av mannen skal ha kopla han til saka i 2004.

– Vi har jobba med DNA-sporet ei lita stund, men det er først no vi har fått svar. Det dannar grunnlaget for å gjenoppta den gamle saka, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal til BT.

OPPDATERT: Litt før klokka 16 blei det kjent at mannen blei varetektsfengsla i fire veker.

Dommaren «fant et sterkt mistankegrunnlag, det vil være støtende om siktede slipper ut nå».

– Sikta har anka. Det er uvisst kor tid saka kjem opp i lagmannsretten, men vi har fått frist til i morgon på å skriva uttale, seier Roscoe til Midtsiden.

Sedelegsak i oktober i år

Midtsiden har førebels ikkje fått informasjon om, eller omtalt, valdtektsepisoden i oktober i år.

Lensmann Oddbjørn Dyrdal ønskjer ikkje å kommentera saka, då den framleis er under etterforsking.

Også jurist Roscoe er knapp når det kjem til denne saka, som heller ikkje er brukt i samband med varetektsfengslinga.

– Det er ei sedelegsak som har skjedd ein stad i Bergen sør eller Os.

Han vil ikkje ut med detaljar om fornærma.

På spørsmål om det snakk om eit forhold i nære relasjonar, eller mot mindreårige, svarer han nei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.