Lokal | 23. mars 2016

Mann ilagt besøksforbod

Ein mann har fått forbod mot å oppsøke nabofamilien etter gjentatte trugslar og tilløp til vald.

Mann ilagt besøksforbod
Politiet har utstett heile fem besøksforbod til mannen (ill.foto. AH)
Andris Hamreonsdag 23. mars 2016 09:21

Ein nabokonflikt i eit bustadområde i Os har gått litt lengre enn i dei fleste andre tilfelle.

– Ein mann har blitt ilagt forbod mot å oppsøka nabofamilien. Det har faktisk blitt ilagt heile fem besøksforbod, eitt for kvar av familiemedlemmane, fortel politibetjent Anne Lyssand.

Mannen har mellomanna vore aggressiv overfor ungane i familien.

– Politiet ser alvorleg på desse handlingane, slår Lyssand fast.

Må visa mopeden

Ein ungdom blei tysdag stoppa på ein trimma moped.

– Han har fått mangellapp og må utbetre desse og visa fram mopeden for godkjenning hos biltilsynet innen tre veker, fortel Lyssand.

Også ein bilførar fekk pålegg frå politiet om å utbetra køyretøyet sitt.

– Der var det manglande lykteglas som gjorde at han blei stoppa. Dette må fiksast innan ei veke, avsluttar politibetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.