Mange vil ha hytte i skjergarden
Koldal bygde ein idyllisk lagune av eit gjørmete hol på Ytterøya. Så kom finanskrisa. – Det var ei tøff tid, seier Rolf Henning, som no opplever rekord-respons.
Byggmeister Rolf Henning Koldal var med R H Koldal AS nettopp ferdig med eit større bustadfelt på Skorvane då han frå 2008 byrja å jobba med eit tomtefelt på Ytterøya.
Sjølv har han hand om 22 av dei 29 tomtene i planen på den fine øya mellom Halhjem og Øyane. Tomtene ligg heilt ved sjøen, vestvendt i ei godt skjerma hamn. Hamna var først ei gjørmete fjøre, men Koldal stengte sundet, grov seg ned fleire meter, sprengte sundet breiare og fylte på med skjelsand.
Tomtefeltet i skjergarden fekk sandstrand, djupne til båttrafikk heilt inn til tomtene og ein god marina. Salet kunne starta. Så kom finanskrisa.
– Eg sto med valet mellom å gje meg eller å fullføra. Eg klarte meg gjennom det, men det blei nokre tøffe år og nokre tøffe prioriteringar som måtte gjerast, seier Rolf Henning Koldal.
Fleire frå Os
Han bygde tre hytter, selte éi av dei tidleg, bygde ei annan for kunde og selte ei til seinare. Så la han nokre tomter ut for sal, og i fjor selte han fire.
– Tre av dei fire som kjøpte tomt i fjor er frå Os. Nokre av dei er vener av dei som eig hytte der frå før, som har vore på besøk og blitt frista av ei stove nummer to i heimbygda.
– No byrjar det å bli eit meir levande miljø i feltet og trivselsfaktoren er høg.
8 interessentar på 8 timar
Koldal hade plan om å bygga alle hyttene i feltet sjølv, men har førebels lagt den planen på is.
– Eg har inngått eit samarbeid med Fjord og Fjellhytter (Stjernehytten, Sirdalshytta og Mestegruppa) der dei står for marknadsføring, sal og bygging. No sel vi tomter med klausul om bygging av Fjord og Fjellhytter, og dei har eit stort utval å velja i.
Tysdag ettermiddag blei annonsen lagt ut. Onsdag morgon hadde dei allereie hatt åtte interessentar på telefon og epost, yttarlegare to har kome i løpet av veka.
– Det har aldri vore liknande respons før. No skal vi ha både privat visning i feltet og fellesvisning, som blir neste helg.
Ut på øya igjen
Sjølv har Koldal vore mest opptatt med byggmeisteroppdrag på land den siste tida, og med eigedomsutvikling saman med ein annan samarbeidspartnar.
– Men frå neste veke og fram til ferien skal eg jobba på Ytterøya igjen, det ser eg veldig fram til.
– Då blir det vidare arbeid i hamna, nokre nye murar som skal opp og påfyll av skjelsand på stranda og i lagunen, fortel Rolf Henning.