Mange stemte på Neoplasma
Laurdag var rockebandet Neoplasma frå Os i Bergens-finale i musikkfestivalen Emergenza.
Neoplasma, som består av Patrick Gaassand (vokal), Christer Havsgård (gitar), Martin Aarland (gitar), Jørgen Omre Larsen (bass) og Ivan Rolstad (trommer), tok seg etter to innleiande rundar til finale i årets Emergenza i Bergen.
Laurdag gjekk dei som første finalist ut på scenen på USF Verftet.
– Eg er imponert over at så mange dukka opp og støtta oss klokka halv sju om kvelden, seier gitarist Christer Havsgård.
Bandet fekk nok stemmer til å ta seg til siste runde i finalen, der juryen avgjorde plassering.
Neoplasma enda på ein delt 4. plass.
– Takk til alle som stemte på oss, seier Christer.
– No blir det full fokus på innspeling av ny plate framover.
Kven som vann er for Midtsiden uvisst. Emergenza har tysdag ikkje oppdatert verken heimeside eller facebookside etter finalen.