Mange debuterte rundt Ulven
Ulvenmarsjen hadde fleire deltakarar enn i fjor. Nesten 1/3 av deltakarane gjekk marsjen for første gong.
Det var ikkje berre deltakar nummer 25.000 som debuterte i Ulvenmarsjen i år, 145 av 457 deltakarar (215 laurdag og 242 søndag) gjekk marsjen for første gong.
Les òg: – Det blir ikkje siste gong
– Vi synest det er veldig kjekt at vi når ut til nye sprekingar, og at så mange er flinke til å gjera dette til ein aktivitet for heile familien.
Fleire gjekk saman tre generasjonar i lag. Deltakartalet er 20 høgare enn i fjor, som igjen var 11 fleire enn året før.
7 gjekk 15 km
I konkurranseklassen var det 7 deltakarar.
Joakim Sælen persa, sette ny løyperekord og vann.
Les òg: Joakim raskast rundt Ulven
Ingen med 6 rette
I løypa sto 6 postar med oppgåver.
– Mange deltok på naturstien, men ingen hadde 6 rette, fortel Andersen.
Kva mineral er dette? Kor lang er denne kjettingen? Det var ikkje hjelp i å bruka google på mobil, oppgåvene hadde svaralternativ, men var ikkje enkle.
– Fleire hadde berre 1 eller 2 rette. Vaksne som hadde 5 rette og ungar som hadde 4 rette fekk t-skjorte i premie.
ULVENMARSJEN 20. - 21. APRIL 2013
Arrangør:Søfteland TIL Friidrett
Deltakarar: 457
Deltakar nummer 25.000: Camilla Kippestad Eide
Eldste deltakar: Lotte Lise Scheie (88 år)
35 år på rad: Magne Brakstad, Britt Eva Brurås, John Hope, Nina S Sælen, Barbra Nymark, Ottar Skarstein og Otto Tysseland
30 år på rad: Magnbjørg Stokke Hansen
25 år på rad: Terje Brurås og Monica Kroge
20 år på rad: Reimund Lunde og Jonny Saltnes
15 år på rad: Katrine Louise Andersen og Thomas André Brurås
10 år på rad: Kjetil Torget
30 ulike år: Linda Johansen og Lisbeth Moberg
25 ulike år: Oddvar Hannisdal og Charlotte Moberg Lokøy
20 ulike år: Roy Jenssen, Alvhild Kolle og Arthur Lillefosse