Mandi' show på Meny
VIDEO: Det sto kø til ARKA då HotWheelBrothers besøkte Os i går. Her kan du sjå samandrag av showet.
Søndag blei den store son-far-dagen i Os i år - dei tyske stuntmenna Michael og Bubbi Lemoine la turneen om Os og fylte parkeringsplassen utanfor Meny med ombygde bilvrak, ATV-ar, hopp og monstertrucks.
Showet fekk opphaldsvêr, sol og godt publikum - mange hundre løyste billett og samla seg rundt den delvis inngjerda plassen i drygt to timar.
Mykje av det som blei vist er ting du kan gjera sjølv, om du har klippekort på legevakta, fri tilgang på bilar som skal kondemnerast og naboar som ikkje er for rask på avtrekkaren når det kjem til det å ringa blålysetatane.
Og akrobatikk finn du like mykje av i grustaket når Os MC og MX klubb har trening.
Men samla sett, med pyroshow og dei populære monster-truckane, var dette value for money og minst like kjekt som å sjå elefantar gå i ring i eit telt i Hegglandsdalen.
VIDEO: Sjå tre minutt av HotWheelsBrothers i aksjon i Os søndag 2. juni. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)