Lokal | 11. okt. 2010

Mållaus målpris-mottakar

Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy blei måndag tildelt målprisen.

Mållaus målpris-mottakar
Andris Hamremåndag 11. okt. 2010 18:54

Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy blei i dag tildelt Målprisen 2010 av Os mållag.

- Dette var både overraskande, morosamt og veldig stas, seier Bruarøy.

Lo av seg sjølv
Midtsiden-redaktøren trudde han skulle intervjua styremedlem Mari Lyssand og leiar Marie Hauge om mållaget sine planar for hausten, men fekk i staden pris, blome og ei karikaturteikning av seg sjølv.

- Først blei eg mållaus, så, då eg såg teikninga, kom krampelatteren.

Om prismottakaren skriv mållaget:
«Kjetil Vasby Bruarøy skriv eit levande og moderne nynorsk. Han viser at nynorsk fungerer utmerkt som nettspråk, uansett tema. Prisvinnaren har ein stor lesarskare i alle aldrar, og er spesielt flink til å dekkja saker og arrangement som interesserer born og unge. Slik har han gjort midtsiden.no til ein nettstad der både «nye og gamle» osingar naturleg møter nynorsk som bruks- og pressespråk.»

- Det er nokre år sidan sist vi delte ut målpris. Bruarøy har vore i tankane ei stund og sidan Os mållag i år fyller 90 år fann vi ut at det var passande å dela ut målprisen no, seier Marie Hauge.

Takkar Åsmund Lien
Prismottakaren seier til eigen nettavis at han synes det er naturleg å bruka nynorsk når du skriv om og til osingar.

- Du kjem nærmare både den som blir sitert og den som skal lesa det du skriv. Dei fleste osingar ville vore kunstig å sitera på bokmål.

Men Bruarøy har ikkje alltid skrive nynorsk på midtsiden.no.

- I starten, for rundt 10 år sidan, gjekk det i bokmål. Eg var usikker på kor stødig eg var i nynorsk fleire år etter at eg var ferdig med skule.

- Men så ba eg Åsmund Lien frå kulturkontoret, tidlegare leiar i Os mållag, om eit portrettintervju, og då var det gjort.

Lien insisterte på at intervjuet skulle skrivast på nynorsk. Bruarøy godtok det, men ba samstundes Lien om korrekturlesing av teksten før publisering.

Åsmund fekk Kjetil på rett kjøl og sidan februar 2002 har midtsiden.no vore som magasinet Midtsiden, på nynorsk.

Lett å lesa
Os mållag meiner Bruarøy skriv «eit levande og moderne nynorsk» for «nye og gamle» osingar.

- Med «moderne» meiner dei nok at eg i ein del samanhengar vel sideform, ord som er lov å bruka på nynorsk, men ikkje typiske nynorskord.

- Målet er å bruka eit språk som flest mogleg av dei som bur i Os forstår og som er mest mogleg likt daglegtalen til lesarane våre. Éit eksempel er at eg skriv «eksempel» i staden for «døme».

Med tru på nynorsk framtid
Midtsiden-redaktøren synes det ser ut som om mange ungdomar i Os liker å bruka nynorsk også utanom skuletid.

- Tips og meldingar kjem ofte inn på nynorsk, anten dei kjem på epost, tekstmelding eller via Facebook. Det er kjekt å sjå at dei som veks opp bruker nynorsk eller slang med dialekten sin når dei skriv.

- Det gjev eit betre språk og ei meir personleg skriftleg framstilling. Så viktig som skrift har blitt med dagens kommunikasjonsmidlar kan dette få mykje å bety for skulelevane nesten uansett yrkesval.

I år har midtsiden.no dobla redaksjonen ved å tilsetja Andris Hamre. Hamre kjem frå Hamar, men har budd i Os i fleire år. Også han skriv nynorsk.

- Andris har ei dialekt som har mykje nynorsk i seg, men a-ending på verb og ein del nynorsk-ord er førebels unaturlege for han å bruka. Derfor er eg glad for at han ikkje har stussa på å skriva nynorsk, og at han lærer fort, seier Kjetil Vasby Bruarøy.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.