– Målet er nådd
Etter sølv i lagtempo fredag og sin beste 5000-meter nokosinne laurdag ser Sverre fram til VM allround i Berlin.
Fredag leia Sverre Lunde Pedersen Noreg inn til sølv i lagtempo i VM enkeltdistansar i russiske Kolomna.
I dag gjekk han i siste par mot Sven Kramer på 5000 meter.
Sverre har 6.10,47 frå Salt Lake City i 2013 som pers.
På russisk is gjekk det òg fort, Lunde Pedersen kom i mål på råsterke 6.15,08.
– Det er nok den beste 5000-meteren eg har gått, seier Sverre til Midtsiden.
Til samanliking vann Kramer førre verdscup på 6.15,71
«Kanskje den beste 5000 nokosinne av ein nordmann?» skriv trenar Sondre Skarli på twitter.
– Eg visste at Kramer ville gå eit megaløp
– Formen har blitt betre og betre etter Stavanger. Dette fekk eg stadfesta på lagtempoen i går, seier Lunde Pedersen via messenger med Midtsiden.
På dagens 5k hadde han fokus på å vera meir offensiv frå start og å ikkje koma over 30 i rundetid.
– Eg var òg bestemt på å konsentrera meg om mitt eige løp, eg visste at Kramer måtte gå eit megaløp.
Seinka skuldre før VM allround
Sverre skal no ha ei roleg veke heime før han reiser til Inzell for å førebu seg på VM allround i Berlin første helga i mars.
– Målet mitt med sesongen var VM-medalje, og det har eg klart.
– No kjenner eg meg motivert for Berlin, men stiller med seinka skuldre og er klar for å klina til! Det blir spesielt kjekt å få med seg denne sidan eg gjekk glipp av EM.
Kramer og Bergsma på topp
Jorrit Bergsma gjekk på 6.10,66 i paret før, og hadde sikra seg medalje.
Kramer, som har 6.03,32 som personleg bestenotering, slo lagkameraten med drygt tre tidelar og vann på 6.10,31.