Lokal | 27. juni 2014

Måler temperatur og kvalitet

Os kommune med ekstraservice til badegjestar i sommar. Sjekkar kvalitet og temperatur på sju badeplassar.

Måler temperatur og kvalitet
I sommar måler kommunen vatnkvalitet og badetemperaturen på sju badeplassar i kommunen (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 27. juni 2014 12:34

Lurer du på om korleis badetemperaturen er, og om kvaliteten er bra. I sommar kan du sjekka svaret på kommunen sine heimesider.

– Vi driv jo allereie vekentlege målingar av drikkevatnet.

– Så då tenkte vi at vi kunne gje osingaene ei ekstraservice med å også måle vatnkvalitet og temperatur på badeplassane, fortel teknisk sjef Marianne Kramer.

Ein gong i veka i heile sommer

Målinga vil dei gjera gjennom heile badesesongen.

– Målingane blir tekne ein gong i veka når vi likevel skal måle drikkevatnet.

– Vi har vore på opplæring hjå vatnlaboratoriet, så alt blir gjort etter gjeldande rutiner slik at osingane kan vera trygge på resultata er riktige. I allefall når det gjeld kvaliteten på vatnet, smiler Kramer.

Her måler dei

Det er sju av badeplassane i kommunen som ligg på teknisk eining si rute.

Slik var status ved siste måling:

LokalitetSiste målingGrader CTKB/100 mlBanktjørnflaten17.06.201419Under 10Smievågen17.06.201415Under 10Molo Oseana17.06.201416Under 10Mobergsvikjo17.06.201416Under 10Kuvågen24.06.20141210Skeistøa24.06.201414Under 10Askvikvågen10.06.201417Under 10Søvikvågen24.06.201414Under 10Sperrevik24.06.201413Under 10Sigurdsvik24.06.201413Under 10

Badevatnet vert analysert for såkalte termostabile koliforme bakteriar (TKB). Dette er tarmbakterier frå mennesker og varmblodige dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Det er derfor en god indikatorbakterie og om det blir påvist slike bakteriar i vannprøven er det teikn på fersk forureining.

Kvaliteten på badevannet vert delt inn i tre grupper

Godt eigna badevatn: Mindre enn 100 TKB/100 ml. Vannkvaliteten er eigna for bading og rekreasjon.
Mindre eigna badevatn: Mellom 100 og 1000 TKB/100 ml. Badeplassene er sårbare for forureining. Helsemyndigheitene ser vanlegvis ingen betenkeligheiter med å bade på desse plassane.
Ikkje eigna badevatn: Over 1000 TKB/100 ml. Helsemyndigheitene forbyr ikkje bading, men vil likevel fraråde bading.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.