To mål på overtid
Dramatisk innhenting då Os tok imot Brodd til målrikt oppgjer på Kuventræ.
Borte blei det 7-3-tap til Os, også på Kuventræ kunne då sjå ut som om Brodd skulle ta tre poeng, trass i at gjestane fekk ein mann utvist tidleg i 2. omgang.
Os leia 1-0 og 2-1, men med ein mann mindre klarte Brodd å utlikna to gongar.
Så kom Os tilbake - to gongar på overtid.
Os - Brodd 5-4 (1-0)
Målskårarar, Os: Roar Vestbø 2, Stian Lunde 2 og Børge Borgen (eller var det Ramo Racic?)
Os styrte starten av kampen, men frå 20. til 30. minutt skapte Brodd mest, og kom til nokre store sjansar.
1-0: Så kom Os på kontring og Roar Vestbø sette inn ein dabbande ball i fin boge over keeper, som var på veg ut.
2-1: Brodd utlikna i første speleminutt av 2. omgang, men så set Stian Lunde inn ein ball frå 20 meter.
Gjestane får ein mann utvist då han, noko strengt dømt, får sitt andre gule kort. Det første gule fekk han for ein kommentar, i ein kamp som tidleg bar preg av litt høg temperatur.
3-2: Så utliknar gjestane før Roar Vestbø på ny gjev Os leiinga.
Men Brodd hadde meir å by på og fekk skåra både 3-3 og tok leiinga 3-4 i cirka 80. minutt.
4-4: Os gav seg ikkje og gjekk opp i 4-4 etter retur på frispark av Preben Borgen, som forresten hadde to strålande skot, eit av dei der han låg vassrett i lufta på heil volley og den stødige Brodd-keeperen måtte ligga like langstrak i lufta for å redda.
5-4: Etter utlikning på overtid kom nok eit mål på overitd. Kaptein Stian Lunde, som Nielsen med suksess har plassert høgare på banen igjen, sette sitt andre for dagen og blei matchvinnar i den meste spennande kampen på Kuventræ på ei god stund.
Midtsiden kjem tilbake med kommentarar og bilde av alle Os-skåringane.