Magisk feiring
Terrassen til Oseana var fylt med osingar, klare til å feira 5-årsjubilanten med musikk, kake og trylleshow.
Rundt 200 personar hadde laurdag tatt turen til Oseana då kunst- og kulturhuset feira 5 år.
Her var det taler, musikk, trylling og metervis med kake, nok til alle dei frammøtte og enno litt til.
Det gode vêret og stemninga på terrassen minna ordførar Terje Søviknes om juni månad for 5 år sidan og opningsveka til Oseana.
– Vi fekk ein flying start. Nokre barnesjukdomar har det vore, som konkursen til den tidlegare restauranten og ombygging av huset. Men alt i alt så har desse åra gått så bra som vi kunne håpa på.
– Eg tørr påstå at Oseana har funne si form, vi har klart å gjera huset til storstova. Dei to siste åra har driften gått med overskot og vi har eit stort mangfall av arrangementer.
Ordføraren rosa dei dyktige folka i staben, samt dei mange frivillige som står på.
– Dei er ein heilt utruleg fin ressurs.
– Og så må vi ikkje gløyma Per Grieg senior. Hadde ikkje han komt på kontoret mitt med ideen om eit kunstmuseum i Os så hadde dette ikkje blitt noko av.
– 5 år er ingenting, eventyret har så vidt byrja, sa ordføraren som denne månaden lar nokon andre overta plassen hans i styret til Oseana.
– Det er osingane sitt hus
Etter taler og kakespising blei det sommarkonsert regi av Søre Neset musikklag i Oseanasalen. Med seg hadde dei fått Nore Neset musikkkorps, Os musikkforening og Os skulekorps. Medan korpsa underhaldt på scenen inne kunne dei som ville oppleva magi få med seg tryllekunstnarshow på ute scenen.
Til sist var det opning av årets sommarutstilling i Griegsamlingen med kunstnar Håkon Gullvåg.
Janne Mari Hjelle frå Oseana er godt nøgd med feiringa av jubilanten.
– Det har vore ein fantastisk dag. Det er så kjekt at så mange har tatt turen. Vi har fått mange gratulasjonar, men det er jo eigentleg osingane som skal gratulerast for det er jo deira hus.
Hjelle fortel at vegen til Oseana har blitt til etterkvart.
– Ingen av oss hadde arbeida med kulturhus før så det var vanskeleg å ha forventingar då vi starta. Eg opplever høgdepunkt kvar einaste dag eg har vore her og det er summen av det som er det største.
– No må vi halda fram med den stigande kurva vi har hatt og strekkje oss etter nye ting. Det har vore heilt fantastisk å få lov å drive huset til osingane og vi gler oss til fortsetjinga.
– Det er kanonkjekt!
Nokre av dei det vankar mykje skryt av både frå ordførar og dei tilsette på Oseana er dei mange frivillige som hjelper til på arrangementene.
Elin Heggø er ei av dei som har vore med frå starten, og på 5-årsdagen deler ho ut kake til alle dei frammøtte.
– Det er kanonkjekt å få jobba på dette flotte huset! Her får vi halda kontakten med osingane og bli kjent med nye folk, seier Heggø.
Til saman er dei ein 50-60 frivillige, 10 av desse har vore med frå Oseana opna dørene for fyrste gong.
– I tillegg til å møta folk får vi mange gode opplevingar gjennom konserter og teaterstykker vi får sjå.
– Eg får óg sett ting eg ikkje visste eg likte, seier Heggø som hugsar godt då ho var vakt under ein klassisk konsert i Griegsamlingen.
– Eg er veldig glad i rytme- og dansemusikk, klassisk visste eg ikkje at eg likte. Men då dei spelte så traff det meg så hårene på armen reiste seg.
– Dei frivillige er uunværlege og uvurdelege, seier Hjelle og forklarar at mykje av arbeidet dei frivillige gjer, som parkerings- og brannvakt, ikkje er noko som er påkrevd, men ei ekstra service dei då har moglegheit til å yta.