Madelen til USA: Tatt ut til turnering med J19-landslaget
Madelen Koldal Holme er rett inne i varmen igjen etter det lange skadeavbrekket.
I haust var Madelen tilbake og kampklar, eitt år etter at korsbandet rauk i ei takling i ein kamp med Sandviken 2, no som spelar på Arna-Bjørnar.
– Det er kjekt å trena saman med andre igjen, og å vera del av eit lag, seier Madelen til Midtsiden.
Ho var i gang med ball allereie tre månadar etter skaden, og føler seg like kvikk og teknisk som før, i tillegg til auka styrke både fysisk og psykisk. Det blei òg innhopp i to kampar før jul, 10-15 minutt med Arna-Bjørnar 2 før debut med 10-15 minutt i Toppserien.
– Kneet kjennest heilt fint ut, og det var veldig kjekt å få spela kamp igjen. Det var ein tøff kamp som nesten var avgjort, men eg fekk fine tilbakemeldingar etter debuten.
Talentkåring og landslagsuttak
2020 starta med at BT rangerte Madelen som nummer 2 i ei oversikt dei har laga over dei mest talentfulle fotballspelarane i bergensområdet.
Tysdag blei uttaket til ei turnering i USA med J19-landslaget publisert. Her er Holme del av troppen.
– Det var veldig kjekt å bli tatt ut allereie no, kort tid etter comebacket!
Madelen hadde 8 mål på 13 kampar med J16-landslaget i 2018, før ho blei skadd og EM-kvalifiseringa starta.
J19-landslagstrenar Alexander Straus tar òg med seg Madelen si lagvenninne på Arna-Bjørnar, Ingrid Lovise Jåstad, til USA.
• Sjå heile troppen på fotball.no
To veker i Florida
Søndag 19. januar reiser landslaget til USA. Madelen fyller 18 år i februar, og Noreg stiller med 18-åringar i turnering mot 19-åringar.
– Det er også veldig gode lag vi møter, så det blir nok ei tøff turnering. Eg har ikkje vore i USA før og gler meg veldig til både kampane og resten av turen!
Turneringa går i Lakewood i Florida, og Noreg skal spela tre kampar på Premier Sports Campus:
25.01. Nederland – Norge kl 15:30
28.01. USA- Norge kl 18:30
31.01. Kina – Norge kl 18:30
– Det går fint å ta to veker i Florida tidleg i skulehalvåret?
– Ja, men eg må sjølvsagt ha skulebøker med meg, seier Madelen, som går VG2 barne- og ungdomsarbeider ved Os vidaregåande skule.