Må vurdera bølgjedemparane på nytt
Rådmann Christian F. Fotland ber politikarane vurdera bølgjedemparane i Os hamn på nytt etter kostnadssprekk på 9 millioner.
I kommunstyret tysdag stilte Nils-Anders Nøttseter (MDG) spørsmål om det var slik at prosjektet med bølgjedemparane i Os hamn skulle gjennomførast uansett.
– Bølgjebrytarane blir dyrare enn budsjettert. Er det slik at det skal gjennomførast uansett kostnad, undra Nøttseter og viste til årsmeldinga kor det kjem fram eit negativt avvik på nær 3,8 millionar kroner på prosjektet.
Vil ta debatten i neste møte
Rådmann Christian F. Fotland foreslo at debatten blei tatt i samband med tertialrapporten.
– Eg foreslår at den debatten tas i neste kommunestyremøte eller formannskapsmøte. Då skal tertialrapporten diskuterast og eg trur det er meir hensiktsmessig å ta den då.
Samla kostnad: + 9 millioner
Tertialrapporten skal handsamast i formannskapet førstkommande tysdag. I den skriv Fotland:
«Bølgjedemparane vert dyrare enn budsjettert. Den samla kostnaden ser ut til å bli 9 mill. kr dyrare. Utviklinga av bølgjedemparane er eit innovasjonsprosjekt og er ein viktig brikke for «Liv på Øyro». Samtidig meiner rådmannen at tiltak må vurderast før nye bølgjebrytarar blir bestilt.»
Ligg på høyring
Før dei tre siste bølgjedemparane eventuelt kan plasserast ut må reguleringsplan for det ytre hamneområdet godkjennast.
– Reguleringsplan for resterande demparar er godkjend i PBU og ligg no ute til høyring. Høyringsfrist er ultimo juni 2017. Det er planlagd innkjøp av to demparar i 2017. Prosjektet er eit pilotprosjekt og det er utvikla heilt ny demparar. Utviklingskostnadene med første dempar har vore høgare enn budsjettert, og det blir naudsynt å auka årsramma samt prosjektramma om man skal kunna fullføre prosjektet. Prosjektet bør sjåast i ein større samanheng og bølgedemparar er eit av dei viktigaste suksesskriteria for å sikre vidare utvikling av Os hamn, heiter det vidare i tertialrapporten.